EM i fotball 1980

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Deltakarlanda i fotball-EM 1980
Lagoppstillingane til EM-finalen

Europameisterskapen i fotball 1980 var den sjette europameisterskapen i fotball. Meisterskapen vart avvikla i Italia i tida 11. til 22. juni 1980. Vest-Tyskland vart europameister etter 2-1 over Belgia i finalen på Stadio Olimpico i Roma. Dei 14 kampane var fordelt på fire byar; Napoli, Roma, Milano og Torino.

Omframt vertsnasjonen Italia, med friplass, hadde England, Belgia, Spania, Nederland, Tsjekkoslovakia, Hellas og Vest-Tyskland kvalifisert seg til sluttspelet. 31 land deltok i kvalifiseringa, fordelt på sju grupper, som gjekk av stabelen i tida frå mai 1978 til mars 1980.

Dei åtte deltakarlanda var i sluttspelet fordelt i to like store grupper. Vinnarane av gruppene gjekk direkte til finale, medan toarane i gruppene gjorde opp om bronseplassen. Bronsefinalen i Napoli enda uavgjort 1-1 mellom vertslandet Italia og Tsjekkoslovakia, og vart avgjort med straffeskyting. Straffesparktevlinga vart ikkje avgjort før Fulvio Collovati bomma på Italias niande straffe.

Med sine tre mål vart Klaus Allofs frå Vest-Tyskland den spelaren som laga mest nettsus.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

EM-finalen fann stad på Stadio Olimpico i Roma framfor 47 864 tilskodarar. Midtspissen Horst Hrubesch gav vestyskarane leiinga i det 10. minutt. Belgia utlikna på straffespark ved René Vandereycken då det var spelt ein halv time av andre omgang, før Hrubesch vart matchvinnar i det 88. minutt.

Vest-Tyskland stilte med fylgjande mannskap på Stadio Olimpico: Harald Schumacher, Manfred Kaltz, Bernard Dietz (kaptein), Uli Stielike, Karlheinz Förster, Hans-Peter Briegel, Bernd Schuster, Hansi Müller, Karl-Heinz Rummenigge, Horst Hrubesch og Klaus Allofs. Bernhard Cullmann kom inn for Briegel i det 55. minutt.

For Belgia spelte: Jean-Marie Pfaff, Eric Gerets, Walter Meeuws, Luc Millecamps, Michel Renquin, Julien Cools (kaptein), René Vandereycken, Wilfried Van Moer, Raymond Mommens, François Van Der Elst og Jan Ceulemans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]