Anton Alexander

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anton Alexander
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. september 1870
Tvedestrand
Død

10. oktober 1945 (75 år)

Yrke politikar, skuleleiar
Språk norsk
Politisk parti Venstre

Anton Alexander (19. september 187010. oktober 1945) var ein norsk skulemann og politikar frå Tvedestrand. Han representerte Venstre i stortinget 1934-36.

Han var son til sjømann Alexander Paulsen, som døydde då Anton var eitt år gammal. Sjølv vart han student frå Kristiansands katedralskole i 1887 og cand.real. i 1892. Frå 1891 til 1897 var han lærar ved Aars & Voss skole og 1895-1900 ved Ragna Nielsens skole, begge i Kristiania. Han underviste så 1899-1903 ved krigsskulen og kystoffiserskurset. Åra 1903-07 var han overlærar ved Bodø skole og 1907-14 hadde han same stilling ved Skiens skole, frå 1910 styrte han også den tekniske kveldsskulen i Skien.

Alexander var lektor på Kristiania katedralskole 1914-21. Deretter var han 1921-29 rektor på Lillehammer skole, 1929-32 på Drammens skole og 1932-37 på Skiens skole. Frå 1937 var han inspektør ved Det pedagogiske seminar i Oslo.

Alexander var medlem i fleire offentlege utval og nemnder. Mellom anna var han perioden 1914-19 med i Undervisningsrådet. Langt seinare var han formann i Komiteen om revisjon av de høyere skolers eksamensordning av 1938. I tida 1916-21 var han formann i Filologenes og Realistenes Landsforening.

Alexander var 1910-14 medlem i bystyret i Skien og 1928-29 i Lillehammer. Perioden 1934-36 representerte han byane i Telemark og Vest-Agder på Stortinget, vald for Venstre. På Tinget var han sekretær i Universitets- og fagskulekomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]