Hopp til innhald

Arctocephalus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arctocephalus
Newzealandpelssel (Arctocephalus forsteri)
Newzealandpelssel (Arctocephalus forsteri)
Utbreiing
Utbreiinga av Arctocephalus
Utbreiinga av Arctocephalus
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Infraorden: Selar Pinnipedia
Familie: Øyreselfamilien Otariidae
Slekt: Arctocephalus
Geoffroy & F.Cuvier, 1826

Arctocephalus er ei biologisk slekt i øyreselfamilien med åtte artar som vesentleg førekjem på den sørlege halvkula. Slekta er kalla sørlege pelsselar på norsk.[1]

Slektsnamnet Arctocephalus har greskspråklege røter. Arcto, ἄρκτος, kjem frå det greske ordet for «bjørn».[2] Cephalus, κεφαλή, er det greske ordet for «hovud».[3]

Talet på artar i slekta Arctocephalus er omdiskutert på grunn av avgrensa molekylære data og førekomst av fruktbare hybridar.[4]

Verdas naturvernunion, IUCN, har lista følgjande åtte medlemmer av Arctocephalus, der alle er kategoriserte som livskraftige (LC) unntatt galápagospelssel som er kategorisert sterkt truga (EN).[5] Norske namn er etter «Verdens dyr. 2: Havets pattedyr».[1]

Bilete Norsk og vitskapleg namn Utbreiingsområde
Kerguelenpelssel
(Arctocephalus gazella) Peters, 1875
Subantarktiske øyar
Guadalupepelssel
(Arctocephalus townsendi) Merriam, 1897
Fernándezpelssel
(Arctocephalus philippii) Peters, 1866
Galápagospelssel
(Arctocephalus galapagoensis) Heller, 1904
Galápagosøyane
Sørafrikapelssel
(Arctocephalus pusillus) Schreber, 1775
Newzealandpelssel
(Arctocephalus forsteri) Lesson, 1828
Tropikpelssel
(Arctocephalus tropicalis) Gray, 1872

Søramerikapelssel
(Arctocephalus australis) Zimmermann, 1783
  1. 1,0 1,1 Verdens dyr. 2: Havets pattedyr. Oslo: Cappelen. 1985. s. 106-107. ISBN 8202090989. 
  2. Engelsk Wiktionary: ἄρκτος
  3. Engelsk Wiktionary: κεφαλή
  4. Lopes, Fernando; Oliveira, Larissa R; Kessler, Amanda; Beux, Yago; Crespo, Enrique; Cárdenas-Alayza, Susana; Majluf, Patricia; Sepúlveda, Maritza; Brownell, Robert L; Franco-Trecu, Valentina; Páez-Rosas, Diego (26. desember 2020). «Phylogenomic Discordance in the Eared Seals is best explained by Incomplete Lineage Sorting following Explosive Radiation in the Southern Hemisphere». Systematic Biology 70 (4): 786–802. ISSN 1063-5157. PMID 33367817. doi:10.1093/sysbio/syaa099. hdl:10923/20564. 
  5. «Arctocephalus. IUCN Red List of Threatened Species. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Arctocephalus