Arnold J. Toynbee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arnold J. Toynbee
Arnold J. Toynbee Anefo.jpg
Fødd14. april 1889
London
Død22. oktober 1975
York
NasjonalitetStorbritannia
Områdehistoriefilosofi
Yrkehistorikar, professor, diplomat
InstitusjonarLondon School of Economics
King’s College London
Alma materWinchester College
Balliol College
EktefelleVeronica Boulter Toynbee, Rosalind Murray
BarnPhilip Toynbee, Lawrence Toynbee
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences

Arnold Joseph Toynbee (14. april 188922. oktober 1975) var ein britisk historikar og historiefilosof, den siste såkalla universalhistorikaren. Han er særleg kjend for tolvbandsverket A Study of History, ei metahistorie som kom ut i tida 1934-61 og undersøkte historia frå eit globalt perspektiv. Verket er basert på ein idè om at dei ulike sivilisasjonane går gjennom universelle rytmar med stigning, blomstring og nedgang. Det religiøse grunnsynet i A Study of History gjorde verket særleg populært i USA, ettersom Toynbee avviste både den greske humanismen og opplysningstida si tru på menneskeheita si essensielle godheit, samstundes som han heldt den moderne nasjonalismen for å vere ein «falsk gud». Perioden 1918-50 var Toynbee ein leiande rådgjevar for den britiske staten i internasjonale spørsmål, særleg kva gjaldt Midt-Austen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Toynbee, som var brorson til den økonomiske historikaren Arnold Toynbee (1852-1883), kom til verda i London og vart utdanna ved Winchester College og Balliol College i Oxford. I 1912 byrja han sjølv å undervise på Balliol College. Sidan arbeidde han som professor i moderne gresk og bysantinsk historie ved høvesvis Kings College i London, London School of Economics og Royal Institute of International Affairs (RIIA). Frå 1929 til 1956 leidde han forskinga ved RIIA og var 1920-46 redaktør av årsskriftet Survey of International Affairs.

Utanrikspolitikk[endre | endre wikiteksten]

Under fyrste verdskrigen arbeidde Toynbee i det britiske utanriksdepartementet og han deltok i 1919 som delegat ved fredskonferansen i Paris. I tida 1924-43 var han forskingssjef i Chatham House ved Balliol College i Oxford. Chatham House forska for det britiske utanriksdepartementet og var ein viktig intellektuell ressurs under andre verdskrigen, då institusjonen vart flytta til London.

Midt-Austen[endre | endre wikiteksten]

Toynbee var ein leiande analytikar om utviklinga i Midt-Austen. Støtta hans til Hellas og fiendskapen mot tyrkarane under fyrste verdskrigen, hadde skaffa han midlar til ei stilling med moderne gresk og bysantinsk historie ved University of London. Etter verdskrigen skifta han til ein pro-tyrkisk posisjon og kritiserte greske militære styrkar for å ha utført vald og massakrar i okkupert tyrkisk territorium. Motvilje frå dei rike grekarane som finansierte stillinga hans, tvinga han til å slutte i 1924.

Haldninga hans under fyrste verdskrigen var meir pro-sionistisk og mindre sympatisk overfor det arabiske synet. Han støtta den jødiske koloniseringa av Palestina, som han meinte hadde «byrja vinne tilbake sin gamle velstand». Toynbee forska på sionismen i 1915 ved Institutt for UD, og i 1917 publiserte han ein intensjonsavtale saman med kollegaen Lewis Namier, ein avtale som støtta eksklusive jødiske politiske rettar i Palestina. I 1922 vart han påverka av den palestinsk-arabiske delegasjonen som var på besøk London. Dei seinare skriftene hans viser korleis han endra syn på spørsmålet, og mot slutten av 1930-talet var han mindre positiv til den sionistiske sida og flytta seg i retning den arabiske leiren. Innan 1950 var han ein motstandar av staten Israel.

Tyskland[endre | endre wikiteksten]

Toynbee var ein kraftfull opinionsdannar og vart i 1936 invitert til ein privatsamtale med den tyske rikskanslaren Adolf Hitler. Hitler la i samtalen vekt på at Tyskland hadde eit avgrensa ekspansjonistisk siktemål om å bygge ein større tysk nasjon og uttrykte ynskje om britisk forståing og samarbeid. Toynbee var overbevist om at Hitler meinte alvor og var å stole på, han støtta såleis Hitlers bodskap i eit fortruleg notat til statsministeren og utanriksministeren i Storbritannia.

Study of History[endre | endre wikiteksten]

I tida 1934-54 gav Toynbee ut tibandsverket A Study of History, i tre separate bolkar. Han fylgde metodikken til Oswald Spengler og nytta ei komparativ og aktuell tilnærming til uavhengige sivilisasjonar. Derimot avviste Toynbee Spengler sin biologiske modell, der sivilisasjonar vart rekna som organismar med ei typisk levetid på 1000 år.

Av dei 21 sivilisasjonane Toynbee identifiserte var seksten borte i 1940. Fire av dei resterande fem var under sterkt press frå den eine, den vestlege kristenheita eller berre Vesten. Han forklarte samanbrotet i sivilisasjonane som ein fiasko til den kreative krafta i den kreative minoriteten. Der etter vert desse folka einast eit herskande mindretal, ei herskargruppe som ikkje evnar å oppretthalde den indre truskapen i samfunnet.

Toynbee forklarte nedgang som grunna i moralsk svikt. Mange lesarar, særleg i USA, jubla for implikasjonen hans (i band 1-6) om at einast ei tilbakevending til ei form for katolisisme kunne stanse den nedbrytinga av den vestlege sivilisasjon som tok til med reformasjonen. Dei fire siste banda, 7-10, kom ut i 1954 og her forlet han den religiøse bodskapen og det store publikum, alt medan andre historikarar koste seg med å vise til motstridande utsegner i verket.

Sivilisasjonar[endre | endre wikiteksten]

Toynbee si tilnærming til historia er nærslekta med komparativ historieskriving. Tankane hans kan samanliknast med dei Oswald Spengler nytta i Der Untergang des Abendlandes, sjølv om han avviste Spengler sitt deterministiske syn om at sivilisasjonars vekst og fall fylgjer ein naturleg og uunngåeleg syklus. I fylgje Toynbee kan ein sivilisasjon både blomstre og visne, alt etter dei utfordringane den står overfor og måten ein møter dei på.

Toynbee presenterer historia som sivilisasjonar i vekst og fall, meir enn historia til nasjonalstatar eller etniske grupper. Sivilisasjonar identifiserte han utifrå kulturelle og/eller religiøse kriterium. Dermed vert den vestlege sivilisasjonen, beståande av alle dei heidningfolk som har levd i Vest-Europa sidan samanbrotet av det romerske imperiet, behandla som ein heilskap og noko som skil seg frå både den samtidige «ortodokse» sivilisasjonen i Russland og på Balkan, og frå den eldre gresk-romerske sivilisasjonen.

Etter å ha identifisert sivilisasjonane, presenterte Toynbee historia til kvar enkelt i form av utfordre-og-respons-sivilisasjonar som oppstod som svar på nokre sett med utfordringar av ekstrem vanskegrad, då «kreative minoritetar» utvikla løysingar som omdanna heile samfunnet. Utfordringane og responsen var fysisk, som til dømes når sumerarane utnytta sumpane i det sørlege Irak ved å organisere dei neolittiske innbyggarane i samfunn i stand til å gjennomføre store irrigasjonsprosjekt, eller sosiale, som når den katolske kyrkja løyste kaoset i det post-romerske Europa ved å melde dei nye germanske kongerika inn i eitt enkelt trussamfunn. Når ein sivilisasjon reagerer på utfordringar, veks den. Sivilisasjonar stagnerte når leiarane slutta å svare kreativt, og sivilisasjonar sokk deretter i evner på grunn av nasjonalisme, militarisme og tyranni utøvd av ein despotisk minoritet. Toynbee hevda at «sivilisasjonar døyr gjennom sjølvmord, ikkje mord». For Toynbee var sivilisasjonar ikkje immaterielle eller ufråvikelige maskinar, men eit nettverk av sosiale relasjonar innafor grensa og derfor underlagt både kloke og ukloke vedtak.

Påverknad[endre | endre wikiteksten]

Toynbee sine idear har irritert mange historikarar og etter 1960 har utsegnene hans vore lite sitert. Hans form for historieskriving, komparativ historie, har lege i daudvatn, delvis ein biverknad til Toynbee sjølv. Den kanadiske økonomiske historikaren Harold Adams Innis er eit sjeldant unnatak. Etter Toynbee og andre; Spengler, Kroeber, Sorokin og Cochrane, undersøkte Innis blomstrande sivilisasjonar med tanke på styringa av imperium og på medium for kommunikasjon.

Mottaking og kritikk[endre | endre wikiteksten]

A Study of History selde godt. Berre i USA vart meir enn 7 000 sett av ti-bands utgåva selde i 1955. Og i 1947 vart ei samla utgåve av dei tidlegare utgjevne banda trykt i eit opplag på 300 000.

Toynbee har vorte sterkt kritisert av andre historikarar. Kritikken har særleg vore retta mot bruken av mytar og metaforar, og for å ha gjeve desse eit verde tilsvarande faktiske data. Vidare har det vore reist tvil om soliditeten i hans generelle argument om sivilisasjonars vekst og fall, som stolar for mykje på å vise religionen som ei fornyande kraft. Mange kritikarar klaga over at konklusjonane han kom med var dei av ein kristen moralist, meir enn av ein historikar. Hugh Trevor-Roper skildra Toynbee sitt arbeid som ein samansuriums-filosofi, Peter Geyl omtalar Toynbees ideologiske tilnærming som «metafysiske spekulasjonar kledd opp som historieforsking».

Toynbee vart angripen på fleire frontar i to kapittel av Walter Kaufmann, i boka From Shakespeare to Existensialism (1959). Ei av skuldingane var at «Toynbees enorme suksess er avgrensa til USA, der opinionen er sterkt påverka av vekeblad», ein annan var hans vektlegging på grupper av religionar som dei tydelege skiljelinjene i verda, slik dei var i 1956. Kritikarar angreip Toynbee sin teori for å legge for mykje vekt på religion, framom andre sider av livet, i si vurdering av dei store bileta av sivilisasjonane. Ettersom han tok jødedom, kristendom og islam som ei nærståande gruppe, og kontrasterte dei med buddhismen, vart analysen hans svært ulik.

I artikkelen The Chatham House Version (1970) gjekk historikaren Elie Kedourie, som hadde forska mykje på Midt-Austen, til angrep på Toynbee og rolla hans i det han oppfatta som ei fornekting av ansvaret til det britiske imperiet då det trekte seg tilbake, og om sviket mot demokratiske verdiar i land som imperiet ein gong hadde kontrollert. Kedourie hevda at både systemet og arbeidet til Toynbee var retta mot å underslå rolla som imperium; her tok han også med Toynbee sitt virke i utanriksdepartementet, der Toynbee hadde vore direkte involvert i Palestina-mandatet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]