Arthur Eddington

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Sir Arthur Eddington
Arthur Stanley Eddington.jpg
Arthur Stanley Eddington (1882–1944)
Fødd Arthur Stanley Eddington
28. desember 1882(1882-12-28)
Kendal i Westmorland i England
Død 22. november 1944 (61 år)
Cambridge i Cambridgeshire i England
Nasjonalitet Engelsk
Område astrofysikk
Yrke astronom, astrofysikar, filosof, fysikar
Institusjonar University of Cambridge
Alma mater Trinity College i Cambridge
Doktorgradsstudentar Leslie Comrie
Gerald Merton
G. L. Clark
Cecilia Payne-Gaposchkin
S. Chandrasekhar[1]
Hermann Bondi
Kjend for Eddingtongrensa
Eddingtontal
Eddington–Dirac-tal
Eddington–Finkelstein-koordinatar
Influerar Horace Lamb
Arthur Schuster
John William Graham
Medlem Royal Society
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Kungliga Vetenskapsakademien
Det ungarske vitskapsakademiet
Royal Society of Edinburgh
American Academy of Arts and Sciences
Det russiske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
Den internasjonale astronomiske unionen
Det bayerske vitskapsakademiet
Accademia delle Scienze di Torino

Sir Arthur Stanley Eddington (28. desember 188222. november 1944) var ein britisk astrofysikar. Han er kjend for arbeidet sitt med relativitetsteorien og skreiv mange artiklar som annonserte og forklarte teorien til Einstein om generell relativitet for den engelsktalande verda.

Han var professor i astronomi og direktør for Cambridge-observatoriet frå 1913 og president i International Astronomical Union (IAU) frå 1938 til 1944. Han er kjent som grunnleggjaren av teorien om den indre strukturen til stjernene. På 1920-talet sette han fram teoriar om at stjerner ville kollapse om den indre temperaturen i dei ikkje var millionar av grader. Teorien hans gjekk ut på at den høge temperaturen kom av grunnstoffomdanning. I 1917 utforma han ein teori om pulseringane til cepheider, og i 1927 offentleggjorde han ein relasjon mellom masse og lysstyrke, som syner korleis lysstyrken til stjernene er avhengig av massen.

Han studerte òg forholdet mellom religion og naturvitskap.

Av dei viktigaste vitskaplege bøkene hans finn ein:

  • Stellar Movements and Structure of the Universe (1914)
  • Mathematical Theory of Relativity (1923)
  • The Internal Constitution of the Stars (1927)
  • Relativity Theory of Protons and Electrons (1936).

Han skreiv òg fleire populærvitskaplege bøker, som:

  • Space, Time and Gravitation (1921)
  • Stars and Atoms (1927)
  • The Nature of the Physical World (1928)
  • Science and the Unseen World (1929)
  • The Expanding Universe (1933)
  • New Pathways in Science (1935)
  • The Philosophy of Physical Science (1939).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Arthur Eddington hos Mathematics Genealogy Project

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]