Assasinar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kunstnerisk attgjeving av Hassan-i Sabbah.

Assasinarane er den etablerte nemninga på tilhengarane av Hassan-i Sabbah, grunnleggjaren av ei Nazari-grein av ismailiretninga av sjiaislam. Namnet er ei europeisering av det arabiske hashshashin, som sekta vart kalla av motstandarar, og som er trudd å vere opphavet til det latinske ordet assassin, snikmordar.

Opphavet til namnet[endre | endre wikiteksten]

Sekta refererte til seg sjølv som al-Då'wa al-Jadīdå (arabisk الدعوة الجديدة), som tyder nytt kall (til konvertering) i motsetnad til Fatimide-kalifatet sitt gamle kall til konvertering. Det finst difor ei rekkje teoriar om opphavet til hashshashin-namnet. Den utbreidde orientalistiske segna om opphavet til kallenamnet er at det stammar frå hash-ishiyun, hasj-røykar, fordi medlemmane skal ha kome i ekstase med hjelp av dette rusmiddelet. Det er likevel ingen kjelder som tyder på at gruppa brukte psykoaktive stoff, og ein meir plausibel tolking kan difor vere at det var eit nedsettande uttrykk brukt i forståinga av at dei oppførde seg galne, som om dei var påverka av hasj. Ei allmenn motstridande teori om opphavet til kallenamnet er at det heilt enkelt tyder tilhengjarar av Hassan, etter namnet på leiaren til gruppa.

Historie og verksemd[endre | endre wikiteksten]

Leiaren av sekta, misjonæren Hassan-i Sabbah (ca.1050-1124), budde på fjellfestninga Alamut (Ørnereiret) i Persia. Sekta, som ikkje hadde høve til å reise ein konvensjonell hær, fremja dei religiøse-politiske måla sine med snikmord (derfor assassin), truslar og intrigar. Dei vart med tida kjent som ein av dei dugelegaste spionane i historia og leigemordarar, og dei opererte i mange land. Dei hadde tyding under det tredje krosstoget i 1194, og Rikard Løvehjarte skal etter sigande ha hyra dei for å ta livet av Konrad av Montferrat. Krossfararane kalla leiaren i Syria for Den gamle på fjellet. Det vert trudd at det er frå desse eller Marco Polo at orda assassin har kome inn i det latinske språket.

Mongolane og mamelukkane knuste sekta i løpet av 1200-talet, men dei har dei religiøse etterfølgjarane sine i ismaili-muslimar i ei rekkje land, seinast leia av Aga Khan IV, den 49. imamen deira.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]