Fatimide-kalifatet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
الدولة الفاطمية
al-Fāṭimiyyūn
Det fatimidske islamske kalifatet
Black flag.svg
 
Blank.png
 
Blank.png
9091171

Flagget til Fatimid-kalifatet

Flagg

Plasseringa til Fatimid-kalifatet
Fatimide-kalifatet på det mektigaste, kring 1000.
Hovudstad Mahdia
(909–948)
Al-Mansuriya
(948–973)
Kairo
(973–1171)
Språk Arabisk (offisielt)
Berbersk, koptisk
Religion Sjiaislam (Ismailisme)
Styreform Islamsk kalifat
Kalif
 - 909–934 (første) al-Mahdi Billah
 - 1160–1171 (siste) al-Adid
Historisk periode Mellomalderen
 - Oppretta 5. januar 909
 - Grunnlegginga av Kairo 8. august 969
 - Opphøyrde 1171
Areal
 - 969[1] 4 100 000 km²
Innbyggjarar
 -  est. 6 200 000 
Valuta Dinar
Føregjengar
Etterfølgjarar
Black flag.svg Abbaside-kalifatet
Blank.png Aghlabid
Blank.png Ikhshidide-dynastiet
Ayyubide-dynastiet Blank.png
Almoravide-dynastiet Blank.png
Kongedømet Jerusalem Blank.png
Fyrstedømet Antiokia Blank.png
Grevskapet Edessa Blank.png
Grevskapet Tripoli Blank.png
Ziride-dynastiet Blank.png
Emiratet Sicilia Blank.png
Grevskapet Sicilia Blank.png
I dag ein del av

Fatimide-kalifatet (arabisk: الفاطميون, al-Fāṭimiyyūn) var eit sjia-kalifat, som strekte seg over store område av Nord-Afrika, frå Raudehavet i aust til Atlanterhavet i vest. Dynastiet styrte over Middelhavkysten av Afrika og gjorde etter kvart Egypt til senteret i kalifatet. På det mektigaste omfatta det òg forskjellige område av Maghreb, Sudan, Sicilia, Levanten og Hijaz.

Fatimidane var etterkomarar etter Fatimah, dotter til profeten Muhammed, i følgje fatimidane sjølv. Fatimide-staten tok form blant dei berberske Kutama, folket i Algerie. I 909 grunnla fatimidane den tunisiske byen Mahdia som hovudstaden sin. I 947 flytta dei hovudstaden til Al-Mansuriya. I 969 erobra dei Egypt og grunnla den nye byen Kairo, som vart hovudstad i kalifatet. Egypt vart då det politiske, kulturelle og religiøse senteret i staten.

Den herskande eliten i staten høyrte til Ismaili-greina av shiismen, og det same gjorde leiarane i dynastiet. Dei var òg ein del av rekkja som var kalifar, som anerkjent av ortodokse muslimar. Derfor er dette ein sjeldan periode i historia der etterkomarar etter Ali, via dottera til profeten, Fatimah (derfor namnet fatimidar), og kalifatet var samla til ein viss grad, utanom den siste perioden av Rashidun-kalifatet under Ali sjølv.

Kalifatet utøvde ofte stor religionsfridom mot ikkje-ismailiske sekter av islam, i tillegg til respekt for jødane, maltesiske kristne og koptiske kristne.[2] Fatimide-kalifatet skilde seg òg på grunn av den sentrale rolla til berberane i den første oppretta og utviklinga av militære og politiske nivå.

I løpet av seint på 1000-talet og 1100-talet var Fatimide-kalifatet i nedgang, og i 1171 vart landet invadert av Ṣalāḥ ad-Dīn, som grunnla Ayyubide-dynastiet og innlemma staten i Abbaside-kalifatet.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Turchin, Peter; Adams, Jonathan M.; Hall, Thomas D (December 2006). «East-West Orientation of Historical Empires» (PDF). Journal of world-systems research 12 (2): 219–229. Henta 9 January 2012. 
  2. Wintle, Justin (May 2003). History of Islam. London: Rough Guides Ltd. ss. 136–7. ISBN 1-84353-018-X. 
  3. Baer, Eva (1983). Metalwork in Medieval Islamic Art. SUNY Press. s. xxiii. ISBN 9780791495575. Arkivert frå originalen.. http://books.google.co.uk/books?id=s__yi4pD-VEC. «In the course of the later eleventh and twelfth century, however, the Fatimid caliphate declined rapidly, and in 1171 the country was invaded by Ṣalāḥ ad-Dīn, the founder of the Ayyubid dynasty. He restored Egypt as a political power, reincorporated it in the Abbasid caliphate and established Ayyubid suzerainty not only over Egypt and Syria but, as mentioned before, temporarily over northern Mesopotamia as well.»