Austsongar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Austsongar

Status i verda: LC Livskraftig

Illustrasjon av John Gerrard Keuleman, public domain
Illustrasjon av John Gerrard Keuleman, public domain

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Phylloscopidae
Slekt: Phylloscopus
Art: P. trochiloides
Namn på andre språk
  • Engelsk: Greenish Warbler
  • Vitskapleg namn
    Phylloscopus trochiloides
    Sundevall, 1837

    Austsongar (Phylloscopus trochiloides) er ein bladsongar som hekkar i det nordaustlege Europa og i temperert til subtropisk kontinentale Asia. Denne songfuglen er ein sterkt trekkfugl og overvintrar i India. Han er insektetar. Austsongaren er ikkje uvanleg som ein vår eller tidleg hauststreiffugl i Vest-Europa, og har blitt observert årleg i Noreg etter 2002.[1] Ein handfull av par hekkar kvart år i Tyskland.[2]

    Bilete frå Sikkim i India
    Foto: Dibyendu Ash

    Som alle bladsongarar var han tidlegare plassert i songarfamilien Sylviidae, men no ein del av ein nyleg etablert familie Phylloscopidae.[3]

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Dette er ein mellomstor medlem i slekta si, og med heilt typisk songarutsjånad: mørk olivengrøn overside og gul til kvit underside. Han har ei lys gul augebrynstripe og eit bleikt vengspegl. Kroppslengda er rundt 10 til 11 centimeter. Dei fire underartane har mindre variasjonar i fjørdrakta.

    Songen er ein skarp, skingrande og gjennomtrengande sekvens av 'tji-vi' som kan minne om linerla, men det er variantar mellom underartar.[4]

    Austsongarar hekkar i låglandslauvskog eller blandingsskog; han kan hekke opp til 4500 moh.

    Eit usikkert estimat på populasjonen er 900 millinonar individ. Populasjonen er rekna som veksande.[5]

    Underartar[6]
    • P. t. viridanus, nordaustre Europa til Sentral-Asia og Afghanistan; overvintrar i sørlege India
    • P. t. trochiloides, Himalaya til Tibet og vestlege Kina; overvintrar i Nord-India til Indokina
    • P. t. ludlowi, vestre Himalaya (Gilgit og Kashmir til Kumaon); overvintrar i sørlege India
    • P. t. obscuratus, nordvestre Kina til Tibet; overvintrar i Myanmar, Thailand og Indokina

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    som mellom anna gav følgjande kjelder:
    Referansar
    1. Søk på artsobservasjoner.no den 11. juni 2016
    2. Snow et al. (1998), Töpfer (2007)
    3. Alström et al. (2006)
    4. Clement, P. (2016). Greenish Warbler (Phylloscopus trochiloides) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 16. juni 2016
    5. BirdLife International (2016) Species factsheet: Phylloscopus trochiloides. Henta frå http://www.birdlife.org den 16. juni 2016
    6. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2015), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.10 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. januar 2016 

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Austsongar