Les feuilles mortes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Autumn Leaves)
«Les feuilles mortes»
Musikk av Joseph Kosma
Tekst av Jacques Prévert (fransk), Johnny Mercer (engelsk)
Publisert 1946

«Les feuilles mortes» (norsk «Det døde løvet») er ein mykje spelt fransk song frå 1945 med melodi av Joseph Cosma og tekst av poeten Jacques Prévert. Yves Montand introduserte songen i 1946 i spelefilmen, Les Portes de la nuit.

Den amerikanske låtskrivaren Johnny Mercer skreiv ein engelsk tekst til songen i 1947. Den engelske tittelen er «Autumn Leaves».Jo Stafford var blant dei første til å framføre denne versjonen.

«Les feuilles mortes»/«Autumn Leaves» har blitt ein pop- og jazzstandard på begge språk, både som instrumental og med vokal.

Den franske songaren Edith Piaf framførte både ein fransk- og engelskspråkleg versjon i radioprogrammet The Big Show, 24. desember 1950, med Tallulah Bankhead som vert.[1]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

The Melachrino Strings med dirigenten George Melachrino spelte inn ein versjon i London 18. august 1950. Melodien vart gjeven ut av EMI på His Master's Voice-etiketten med katalognummer B 9952.

Karl-Lennart har skrive ein svensk tekst. Den svenske tittelen er «En stjärna föll». Nora Brockstedt og Egil Monn-Iversens orkester spelte inn denne i Oslo i november 1955.

I spelefilmenen Høstgule blade (Autumn Leaves) (1956) framførte Nat King Cole songen i tittelsekvensen.[2]

I 1993 spelte den britiske elektroniske hiphop-gruppen Coldcut inn ein eigen versjon på plate og la vekt på på strykarar- og trommebeatdelane.

Eva Cassidy gav ut songen på albumet Live at Blues Alley frå 1996.

Den franske låtskrivaren Serge Gainsbourg hylla «Les feuilles mortes» i songen sin «Le chanson de Prévert».[3]

Norske versjoner[endre | endre wikiteksten]

Egil Hagen og Anne Lande har skrive norske tekster. Hagen sin versjon har tittelen «Høstgule blader». Lande sin versjon heiter «Savn».

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

År Sangtittel Albumtittel Artist Tekstforfatter Platetype Platemerke og katalognummer
1951[4] «Høstgule blader» Inger Jacobsen med stort danseorkester Dir.: Egil Monn-Iversen Egil Hagen 78-plate Musica A 8982
1951[5] «Høstgule blader» Bent Masen, song med Magnus Larsens orkester Egil Hagen 78-plate His Master's Voice A.L. 3158
1955[6] «Høstgule blader» Nora Brockstedt, Egil Monn-Iversens orkester Egil Hagen 78-plate
EP
EP
Musica A 5171
Musica NEP 819
Musica NEP 822.
2006 «Savn» Sakte sanger Anne Lande & Per Husby Anne Lande CD Park Grammofon PGCD 108

Listeplasseringer[endre | endre wikiteksten]

I 1955 tok Roger Williams songen til topps på hitlista i USA, den einaste pianoinstrumentalen som har nådd førsteplassen. Songen låg fire veker på toppen. Williams tok i tillegg songen i 1965 til tiandeplass på Billboard Easy Listening-lista med tittelen «Autumn Leaves 1965».[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Big Show BigShow-02 Arkivert 2008-12-26 ved Wayback Machine. Big Show
  2. Internet Movie Database – Autumn Leaves (1956) – Soundtracks
  3. Francois, Corrine (2000): Jacques Prévert, Paroles Editions Bréal. Side 109 ISBN 9782842917029
  4. Innspilt i Oslo 14. februar 1951
  5. Innspilt i Oslo i februar 1951
  6. Innspilt i Oslo i november 1955
  7. Roger Williams Nebraska Music Hall of Fame

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]