Axel Bech

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Axel Bech
Fødd11. desember 1838
Modum kommune
Død14. november 1894 (55 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkeadvokat, politikar
Alle verv

Axel Bech (11. desember 183814. november 1894) var ein sakførar og stortingsmann fødd på Modum. I Stortinget gjekk han med i Høgre si gruppe då denne vart danna i 1884.

Bech var son til ein prest. Han vart student i 1857 og cand. jur. i 1862. Åra 1863-69 var han fullmektig hos sorenskrivaren i Solør. Frå 1870 var han overrettssakførar i Fredrikstad. Deretter var han lagmann i Agder 1889-92, og Borgarting og Agder frå 1892 til han døydde to år etter.

Bech var stortingsrepresentant for Fredrikstad 1883-91, men var permittert 1890-sesjonen. Han var 1883-85 medlem av kyrkjekomiteen, 1886-88 av justiskomite nr 1, 1889 av konstitusjonskomiteen og 1891 av justiskomiteen. Bech var 1880-89 medlem av Fredrikstad bystyre, ordførar 1884-88. I 1893 fekk han tilbod om plass i Emil Stangs 2. regjering, men takka nei.

Han døydde 1894 i Kristiansand i rettssalen, der han nett hadde teke til med rettsutgreiinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]