Azzun Atma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
'Azzun 'Atma
kommune
Namneopphav: Den ville olivenen i Ibn 'Atmeh[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Qalqilya guvernement
Koordinatar 32°07′23″N 35°00′58″E
Folketal 1 670  (2006)
Kart
Azzun Atma
32°7′23″ N 35°0′58″ E
Wikimedia Commons: Azzun Atma

'Azzun 'Atma (arabisk عزون عتمة, hebraisk skrift עזון עתמה) er ein palestinsk landsby i Qalqilya guvernement aust på Vestbreidda, 5 kilometer søraust for Qalqilya. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde 'Azzun 'Atma eit folketal på kring 1 670 innbyggjarar i 2006.[2] 3,9 % av folkesetnaden i 'Azzun 'Atma var flyktningar i 1997.[3]

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen er gammal og gamle steinar er nytta om att i husa. Moskeen er kanskje ei gammal kyrkje. Det er òg gjort funn av bysantinsk keramikk.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Staden vart oppført i osmanske skattelister i 1596 som 'Azzun, i Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 29 hushaldningar og to ungkarar, alle muslimar. Landsbybuarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, geiter og bikubar.[5]

Då den franske oppdagaren Victor Guérin vitja staden i 1870 og skildra han som ein stor arabisk landsby, då fråflytta. Mange små, firkanta hus stod framleis delvis, og nær moskeen såg han gamle søyler og store steinar frå eldre bygningar. Gamle fikentre og vakre mimosa var spreidd mellom ruinane.[6] I The Survey of Western Palestine (1882) vart han òg skildra som ein «landsby i ruinar».[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 225
  2. Projected Mid -Year Population for Qalqilya guvernement by Locality 2004- 2006 Arkivert 2008-02-07 ved Wayback Machine. Palestinsk statistisk sentralbyrå.
  3. Palestinian Population by Locality and Refugee Status Palestinsk statistisk sentralbyrå
  4. Dauphin, 1998, s. 808
  5. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 135.
  6. Guérin, 1875, s. 143-144
  7. Conder og Kitchener, 1882, vol 2, s. 305