Immatain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°11′31″N 35°09′27″E
Immatain
إماتين, אימאתין
kommune
Namneopphav: Amatin s.n.[1]
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Qalqilya guvernement
Koordinatar 32°11′31″N 35°09′27″E
Areal 10,0 km²
Folketal 2 450 (2006)
Folketettleik 245 / km²
Grunnlagd 1250 (estimert)
Borgarmeister Haythem Sameer Sawan
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Immatain

Immatain (arabisk إماتين, hebraisk skrift אימאתין) er ein palestinsk landsby i Qalqilya guvernement nordvest på Vestbreidda, kring 17 kilometer sørvest for Nablus.

I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Immatain eit folketal på kring 2 450 innbyggjarar i 2006.[2]

Området kring landsbyen er fylt med oliventre, skogar og blømande vegetasjon. Immatain livnærer seg av jordbruk og støtte frå etterkomarar som bur utanlands. Den nærmaste staden er landsbyen Fara'ata, som ligg ein kilometer unna. Immatain og dei kringliggande landsbyane utgjer Amra-området. Desse landsbyane er: Fara'ata, Jit, Kafr Qaddum, Baqat al-Hatab, Hajja, Jinsafut og al-Fanduq.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er funne bysantinsk keramikk i landsbyen.[3] I 1596 var landsbyen oppført i osmanske skattelister som ein del av Matin i Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 20 hushaldningar og 1 ungkar, alle muslimar. Landsbybuarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, geiter og bikubar.[4]

I The Survey of Western Palestine (1882) vart Immatain skildra som «ein mellomstor landsby i ei åsside, med nokre få oliven.»[5]

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Immatain (kalla «Ammatain») eit folketal på 234, all muslimar,[6] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 67 busette hus og eit folketal på 334, igjen alle muslimar.[7] I 1945 var folketalet i Immatin på 440 arabarar, medan det samla landarealet var 7 155 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[8] Av dette var 967 for plantasjar og irrigert land, 3 067 for korn,[9] medan 32 mål var klassifisert som utbygde område.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 178
  2. Projected Mid -Year Population for Qalqilya guvernement by Locality 2004- 2006 Palestinsk statistisk sentralbyrå.
  3. Dauphin, 1998, s. 800
  4. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 136.
  5. Conder og Kitchener, 1882, vol 2, s. 162
  6. J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table IX, UnderNablus sanjak. 
  7. 1931 Det britiske mandatet Census s. 62.
  8. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 60
  9. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 106
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 156

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]