Kafr Thulth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kafr Thulth
كفر ثلث, Kufr Thulth
kommune
Namneopphav: Ruinane av landsbyen den tredje delen[1]
Land  Dei palestinske territoria
Koordinatar 32°9′9″N 35°2′39″E
Areal 24,9 km²
Folketal 3 921  (2007)[2]
Folketettleik 157 / km²
Borgarmeister Hussein al-Saifi
Kart
Kafr Thulth
32°9′9″ N 35°2′39″ E
Wikimedia Commons: Kafr Thulth

Kafr Thulth (arabisk كفر ثلث, hebraisk כפר ת'לות') er ein palestinsk by som ligg på ei høg slette nær byen Nablus, 28 km sør for Tulkarm i Qalqilya guvernement. Han ligg kring 270 meter over havet. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen 3 921 innbyggjarar i 2007.[2]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Kafr tyder «landsby» og Thulth tyder «tre» eller «ein tredjedel».[1] Dette arabiske namnet bevarer stadnamnet Baal-shalisha,[3] ein gammal landsby ein trur låg 5 km sør for staden, ein stad som i dag vert kalla Khirbat Sirisya.[4]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over sperremuren kring Qalqilya og Hableh-Ras Atiya-enklavane og den føreslåtte vegen vidare kring Kafr Thulth.

Kafr Thulth grensar til Azzun i sør, landsbyane Sanniriya og Biddia i aust og Deir Istiya i vest. I 1948 vart delar av Kharab og Aizab, slik som Salman, al-Moudwer, al-Sheikh Ahmad, al-Ashqar, Ras Tirah, al-Dabha, Kirash Kherba og Ras Atiya — landsbyar eller landområde som opphavleg høyrte til Kafr Thulth, skilde frå byen av Den grøne linja, som utgjer grensa mellom Israel og Vestbreidda.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1517 vart landsbyen ein del av Det osmanske riket i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod Kafr Tult oppført i osmanske skattelister som ein del av Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa'. Han hadde eit folketal på 13 hushaldningar og 1 ungkar, alle muslimar. Dei betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, tilfeldige inntekter, geiter og/eller bikubar.[5]

I 1852 vart Kafr Thulth skildra som «ein ruin».[6]

I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine landsbyen (kalla Khurbet Kefr Thilth) som «ein liten landsby i eit høgtliggande område med to brunnar. Han var ein ruin i 1852, men har no nokre få innbyggjarar. Området rundt er kupert og udyrka.»[3]

I folketeljinga i 1922 hadde Kufr Thelth eit folketal på 643, alle muslimar,[7] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 169 busette hus og eit folketal på 955, framleis alle muslimar.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Palmer, 1881, s. 234
  2. 2,0 2,1 Census 2007 Locality Population Statistics. Palestinsk statistisk sentralbyrå
  3. 3,0 3,1 Conder and Kitchner, 1882, vol. 2, s. 285
  4. Freedman et al., 2000, s. 136.
  5. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 132
  6. Robinson and Smith, 1856, s. 136
  7. Barron, 1923, Table IX, Underdistrikt of Nablus, s. 26
  8. Mills, 1931, s. 65

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]