Jinsafut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°10′43″N 35°07′46″E
Jinsafut
جنصافوت, Jensafut
kommune
Namneopphav: Jinsafut[1]
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Qalqilya guvernement
Koordinatar 32°10′43″N 35°07′46″E
Areal 9,3 km²
Folketal 2 357 (2007)
Folketettleik 253 / km²
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Jinsafut

Jinsafut (arabisk جنصافوت) er ein palestinsk landsby i Qalqilya guvernement nordaust på Vestbreidda, 15 kilometer aust for Qalqilya,[2] og 16 kilometer aust for Nablus. Han ligg kring 430 meter over havet.[3] I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde landsbyen eit folketal på kring 2 300 innbyggjarar i 2006.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Staden var oppført i osmanske skattelister frå 1596 som «Jim Safut», i Bani Sa'b nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 26 hushaldningar, alle muslimar. Landsbybuarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, og geiter eller bikubar, og ei presse for oliven eller druer.[5]

I «Survey of Western Palestina» frå 1881, vart landsbyen skildra som «ein liten landsby i høgt lende, med brunnar i nord, og nokre få oliventre.»[6]

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Jensafut eit folketal på 267 innbyggjarar, alle muslimar,[7] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 76 busette hus og eit folketal på 315, igjen alle muslimar.[8] I 1945 var folketalet 450, all arabarar, med 9 356 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[9] Av dette var 1 410 mål for plantasjar eller irrigertland, 2 208 for korn,[10] medan 14 mål vart utbygd land.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 183
  2. The Segregation Wall hits more Palestinian lands in Qalqilyia district Land Research Sentral (LRC) & The Applied Research Institute-Jerusalem (ARIJ). 2004-06-15.
  3. Velkomen til Jinsafut PalestineRemembered.
  4. Projected Mid -Year Population for Qalqiliya guvernement by Locality 2004- 2006 Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS)
  5. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 139.
  6. Conder og Kitchener, 1881, vol. 2, s. 164
  7. J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table IX, UnderNablus sanjak. 
  8. 1931 Det britiske mandatet Census s. 62.
  9. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 60
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 106
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 156

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]