Qalqilya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Qalqilya
قلقيلية
by
Qalqilya
Namneopphav: Ein type granateple, eller «gurgling av vatn»[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Qalqilya guvernement
Koordinatar 32°11′25.36″N 34°58′06.63″E / 32.1903778°N 34.9685083°E / 32.1903778; 34.9685083
Areal 25,6 km²
Folketal 41 739  (2007)[2]
Folketettleik 1 630 / km²
Borgarmeister Othman Dawoud
Kart
Qalqilya
32°11′25″N 34°58′07″E / 32.190377777778°N 34.968508333333°E / 32.190377777778; 34.968508333333
Wikimedia Commons: Qalqilia
Nettstad: www.qalqiliamun.ps

Qalqilya (arabisk قلقيلية Qalqīlyaḧ; hebraisk skrift קַלְקִילִיָה) er ein palestinsk by på Vestbreidda. Qalqilyah er det administrative senteret i Qalqilya guvernement. I 2007 hadde han eit folketal på 41 739.[2] Qalqilya er omgjeven av Israel si sperring på Vestbreidda med ei smal opning i aust som er kontrollert av det israelske militæret og ein tunnel til Hableh.[3][4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Martyr-monumentet.

Regionen har vore folkesett sidan førhistorisk tid, og det er gjort funn av førhistoriske flintreiskapar i området.

I 1596 stod Qalqili oppført i osmanske skattelister som ein landsby i Bani Sa'b nahiya i Nablus liwa . Han hadde eit folketal på 13 muslimske hushald og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven og geiter eller bikubar.[5]

I 1882 vart Qalqilya skildra som «ein stor, ganske spreidd landsby, med cisterner i nord og eit basseng i sørevst. Husa er i dårleg stand.»[6]

Qalqilya vart ein sjølvstendig lokal kommune i 1909.[treng kjelde]

I folketeljinga i 1922 hadde Qalqileh eit folketal på 2803, 9 kristne og 2 794 muslimar.[7]

I folketeljinga i 1931 hadde Qalqilya 796 busette hus og eit folketal på 3855 muslimar og 12 kristne.[8]

Den arabisk-israelske konflikten[endre | endre wikiteksten]

I 1948 slo flyktningar frå dei arabiske landsbyane Kafr Saba og Abu Kishek seg ned i Qalqilya og fekk hjelp frå UNRWA. I våpenkvileavtalen i 1949 mellom Israel og Jordan vart byen ein del av det Jordan-okkuperte området.

Natta den 10. oktober 1956 gjekk den israelske hæren til åtak mot politistasjonen i Qalqilya. Moshe Dayan gav ordre om åtaket og det omfatta fleire tusen soldatar. Under kampane vart eit kompani fallskjermjegerar omringa av jordanske soldatar, og dei overlevande klarte berre så vidt å kome seg unna med luftstøtte frå fire israelske luftfartøy. Israelarane mista 18 mann, medan 68 vart skadde. Mellom 70 og 90 jordanarar vart drepne.[9]

Etter erobringa av Qalqilya i seksdagarskrigen vart innbyggjarane drivne bort og mange av bygningane rivne ned. I memoarane sine skildra Moshe Dayan øydelegginga som ei «straff» meint å jage innbyggjarane bort.[treng kjelde] Landsbybuarane fekk etter kvart lov å vende heim att og oppbygginga av dei øydelagde husa vart finansiert av dei militære styresmaktene.[10] I september 1967 hadde byen 8 922 innbyggjarar, der 1 837 opphavleg var frå israelske område.[11]

Vestbreiddamuren i 2004

I 2003 vart Israel si sperring på Vestbreidda bygd kring byen, slik at han vart fråskild jordbruksområdet på andre sida av sperringa.[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


  1. Palmer, 1881, s. 183
  2. 2,0 2,1 «Population, Housing and Establishment Census 2007 : Census Final Results in The West Bank Summary (Population and Housing).» (PDF). Palestinsk statistisk sentralbyrå. 2008. Henta 23. september 2015. 
  3. Dani Filc and Hadas Ziv (2006). «Exception as the Norm and the Fiction of Sovereignty: The Lack of the Right to Health Care i Occupied Territories». I John Parry. Evil, Law and the State: Perspectives on State Power and Violence. Editions Rodopi B.V. s. 75. ISBN 9789042017481. 
  4. United Nations Office for the Coordination of Humanitarian Affairs Qalqiliya Closures map for desember 2011 Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine.
  5. Wolf-Dieter Hütteroth and Kamal Abdulfattah (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. s. 140. 
  6. Conder og Kitchener, 1882, s. 165
  7. J.B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table IX, Subdistrict of Tulkarem, s. 27. 
  8. E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas. Jerusalem: Government of Palestine. s. 56. 
  9. Morris, Benny (1993) Israel's Border Wars, 1949 – 1956. Arab Infiltration, Israeli Retaliation, and the Countdown to the Suez War. Oxford University Press, ISBN 0-19-827850-0. s. 397–399.
  10. Elon 1983, s. 231–232
  11. Joel Perlmann. The 1967 Census of West Bank and the Gaza Stip: A Digitized Version. Annandale-on-Hudson, N.Y.: Levy Economics Institute of Bard College. November 2011 – February 2012. [Digitized from: Israelsk statistisk sentralbyrå, Census of Population and Housing, 1967 Conducted i Areas Administered by the IDF, Vols. 1–5 (1967–70), and Census of Population and Housing: Aust-Jerusalem, Parts 1 and 2 (1968–70). http://www.levyinstitute.org/palestinian-census/.] Vol. 1, Table 2.
  12. The Wall (Qalqilya) 2003[daud lenkje] Relief Web, Henta 10th Dec 2009

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]