Bærums Verk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For tettstaden med namnet Bærums Verk, sjå Bærums Verk tettstad.
Masomnen i drift på Bærums Verk, eit målarstykke av Christian August Lorentzen (1749–1828). Biletet syner toppen av masomnen, der trekol og jarnmalm vekselsvis vart fylt i omnen.
Verksgata på Bærums Verk. Til venstre er å sjå eit hjørne av hovudbygningen frå 1764
Løkke bru er eit støypejarnsprodukt frå Bærums Verk. Fotografiet er frå desember 2008, og syner brua slik ho er etter å ha vore flytta på 1970-talet.

Bærums Verk er både namnet på ei gamal industriverksemd som låg attmed elva Lomma sør i Lommedalen i Bærum kommune, og namnet på området kring staden for denne verksemda etter at området vart bygd ut med bustadblokker og andre typar bustadhus i 1980-åra og frametter.

Industriverksemda Bærums Verk, som fram til 1874 heitte Bærums Jernverk, vart skipa i 1610 som ein lekk i den planen kong Christian IV hadde om å gjere Danmark-Noreg sjølvforsynt med jarn. Verket vart drive for kongeleg rekning fram til 1624, då det fekk private eigarar. Opphavleg vart malmen henta frå gruver i området, men då desse førekomstane var tømde på 1640-talet, vart det henta malm frå gruver på Sørlandet, skipa til Sandvika og frakta vidare opp til verket landevegen av bøndene i distriktet. Men frå 1874 vart det slutt på å framstille jarn av malm, verket vart no utelukkande eit jarnstøyperi og mekanisk verkstad som produserte ein rad ulike støypejarnsprodukt, framfor alt rikt dekorerte vedomnar, som verket hadde byrja å lage allereie i 1620-åra. Eit av dei meir særeigne produkta var berekonstruksjonen av støypejarnsbogar til Løkke bru over Sandvikselva i Sandvika, støypte på verket i 1829 og frakta ned til brustaden. Brua finst enno, men er flytta eit stykkje oppstraums i høve til den opphavlege plasseringa i samband med at det vart bygd ny bru der ho stod.

Bærums Verk hadde i si tid hand om trekolproduksjonen i store skogsområde for å få nok kol til produksjonen, og hadde rett til skogsvyrke innanfor ein radius på fire norske mil ifølgje privilegia frå 1627. Men det verkelege leveringsområdet var på ein brøkdel av dette, ikkje meir enn 235 rutekilometer. Bærums Verk og Dikemark Jernverk hadde rett til trevyrket i kvar sin lut av Vestmarka, og det er registret 310 kølabonnar (stader der det har vore kolminer til brenning av trekol) i Bærums Verks område og 261 i Dikemark Jernverks område.

Jarnstøyperiet var i drift fram til 1964. Deretter vart det gamle verksområdet med verneverdige og til dels verna hus omgjort til lokale for butikkar og andre arbeidsplassar av ymse slag.

Verket dreiv òg jordbruk og skogbruk, og tok etter kvart til med andre verksemder, som mølle, elektrisitetsverk med forsyning av elektrisitet til storparten av Vestre Bærum, seinare lagd ned, og sagbruk med høvleri og trevarefabrikk, som vart overteke av Løvenskiold-Vækerø A/S.

Folka som stod attom oppbygginga av Bærums Jernverk i 1610, leia av ein utlending som vart kalla Paul Smelter, truleg ein tyskar, var dei første i Noreg til å nytte jarnmalm frå gruver i berget for å produsere jarn. Allereie før Paul kom til bygda, var det funne jarnmalm i området, og han hadde fått som si oppgåve av kongen å få jarnproduksjonen i gang på grunnlag av den lokale jarnmalmen. Tidlegare hadde myrmalm vore råstoffet for alt jarn som vart produsert her i landet. Men bergmalm kan ha vore nytta for å utvinne andre metall, sjølv om det no ikkje finst kunnskap om freistnader på gruvedrift før ikring år 1500, og då med mislykka resultat. Men første halvparten av 1600-talet kom til å verte den store etableringstida for norsk bergverksnæring.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Soga om Bærums Verk på internettsida for Handelsstedet Bærums Verk, eit selskap i Løvenskiold Vækerø AS

Kjelder[endre | endre wikiteksten]