Dikemark Jernverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dikemark Jernverk var eit jarnverk som vart skipa i 1697 på Dikemark i Asker kommune av generalauditør Frants Henrich Schade etter at det sist på 1600-talet var funne jarnmalm i åsane i nærleiken. Men etter at verket var kome i gang, vart desse førekomstane kjapt tømde, og seinare vart malmen henta frå gruver på Sørlandet. Verket vart lagd ned i 1804.

Verket, som vart opna i 1699 og hadde ein 13 meter høg masomn, låg med bygningane på både sider av Verkenselva nedanfor fossen ved utløpet frå Verkensvannet, slik at vatnet i fossen kunne drive vasshjula som skulle halde mekaniske hamrar og blåsebelgar i gang. Det vart produsert rujarn, stangjarn og støypegods som omnar, gryter og gravstøttar, og dessutan stål i ein periode på 4 – 5 år frå 1754. Etter at masomnen og hovudbygningen brann ned i 1804, vart verket lagt ned, og slagghaugane som låg att etter det, vart i 1912 selde til Tyskland. I dag er det ikkje andre spor etter Dikemark Jernverk enn dei 468 kølabonnane (stader der det vart brent trekol til verket) som finst i skogane i Kjekstadmarka og vestre luten av Vestmarka; trekolet frå resten av Vestmarka gjekk hovudsakleg til jarnverket Bærums Verk ved elva Lomma i Bærum kommune.

Men fossen i Verkenselva gav grunnlag for ny verksemd, og på 1800-talet kom det her ei stor kornmølle, stampemølle, sagbruk og reiparbane (innretning nytta til å tvinne reip, tau og trosser). Denne verksemda vart kombinert med gardsdrifta på garden Dikemark, som vart etablert som ein stor gard ved at grannegardar vart kjøpte opp og slegne saman. I 1898 vart denne garden kjøpt av Kristiania (Oslo) kommune, som bygde eit sinnsjukehus her som framleis er i drift som psykiatrisk sjukehus, men vart statleg etter omorganiseringa av sjukehusvesenet i Noreg i 2002. Fossen i Verkenselva dreiv frå 1899 dette sjukehuset sitt eige elektrisitetsverk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]