William Baffin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
William Baffin
Statsborgarskap Kongeriket England
Fødd 1584
London
Død

23. januar 1622 (37 år)
Hormuz

Yrke oppdagar, kartograf, skribent
William Baffin på Commons

William Baffin (158423. januar 1622) var ein engelsk sjøfarar og oppdagar. Ingenting er kjend om hans tidleg liv. Gissingar har gått ut på at han var fødd i London og kom frå små kår. Gradvis skal han ha kome seg fram gjennom flid og iherdig arbeid.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Namnet hans vert nemnd fyrste gongen i 1612, i samband med ein ekspedisjon som var på leit etter ein nordvestpassasje. Ekspedisjonen var under kaptein James Hall si leiing, Baffin fylgde med som sjefslos. Hall vart elles drepen i kamp med lokale innbyggjarar på vestkysten av Grønland. Dei neste to åra var Baffin hyrt til teneste i kvalfangsten ved Spitsbergen, som på det tidspunktet vart kontrollert av Muscovy Company. Fyrste året gjorde han teneste som los om bord på flaggskipet i kvalflåten, Tiger. Andre året var han los om bord på eit av flåten sine to oppdagarskip, Thomasine.

I 1615 byrja han i selskapet, kompaniet som arbeidde med oppdaginga av Nordvestpassasjen. Han assisterte kaptein Robert Bylot som los på det litle skipet Discovery, som på denne ferda undersøkte Hudsonsundet grundig. Presisjonen i Baffins observasjonar av tidevatn og hans astronomiske observasjonar vart stadfesta av Edward Parry, då hans ekspedisjon reiste gjennom dei same farvatna, to hundreår seinare (1821).

Året etter segla Baffin atter som los på Discovery. På turen opp Davissundet oppdaga ekspedisjonen bukta som no er oppkalla etter han. Frå Baffinbukta segla dei inn i dei ulike sunda som strålar ut frå denne, og som han gav namna Lancastersundet, Smithsundet og Jonessundet, til ære for karane som finansierte sjøferda hans. På denne sjøreisa segla han om kring 270 nautiske mil lenger nord enn føregangaren John Davis. Baffin snudde ved om lag 77° 45' nordleg breidd, fyrst 236 år seinare for sjøfararar lenger nord om Nord-Amerika.

Alt håp om å oppdage ei sjørute til India i dei farvatna syntest å vere ute. Over tid skulle det elles verte stilt spørsmål om Baffins oppdagingar. Tvilen om sanningsverdet skulle fyrst verte rydda or vegen med gjenoppdagingane til James Ross i 1818. Baffin gjekk vidare i teneste hos British East India Company, og i 1617-19 føretok han ei sjøreise til Surat i Britisk India. Etter tilbakekomsten vart han påskjøna av selskapet for særleg verdifulle undersøkingar av Raudehavet og Persiabukta, undersøkingar han hadde gjort under sjøreisa.

Tidleg i 1620 segla Baffin atter mot Austen. I det engelsk-persiske overfallet mot Kishm i Persiabukta, ein innleiande manøver til erobringa av Hormuz, vart han såra, og døydde av skadane 23. januar 1622. Ved sidan av verdien av hans geografiske oppdagingar, vert Baffin hugsa for sine nøyaktige, vitskaplege og magnetiske observasjonar, herunder avlesinga av lengdegrader i rom sjø gjennom observasjon av måneavstand.

Både Baffinøya og Baffinbukta er oppkalla etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]