Narkval
Utsjånad
| Narkval | |
Narkval | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Status i Noreg: Utbreiinga av narkval | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Pattedyr Mammalia |
| Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
| Familie: | Narkvalfamilien Monodontidae |
| Slekt: | Monodon |
| Art: | Narkval M. monoceros |
| Vitskapleg namn | |
| Monodon monoceros | |
Narkval (Monodon monoceros) er ein tannkval i narkvalfamilien. Narkvalen er kjend for den lange og spydliknande spiralsnodde, framoverretta støyttanna (eigenleg den eine hjørnetanna) som hanndyra har.

Narkvalen lever i arktiske farvatn, hovudsakleg frå Canada austover til austlege delar av Sibir, og vert jamleg observert i nordaustlege Svalbard.[2] Den totale bestanden av reproduserande dyr er ca. 123 000 dyr. Det vert driven fangst på narkval av inuittar i Canada og på Grønland.[3]
Namnet «narkval» kjem frå norrønt náhvalr, som tyder 'likkval'.[4] Den lange, spiralsnodde støyttanna vart i mellomalderen likna med hornet i panna på det fabeldyret som vart kalla einhyrning, og ofte selt til uvitande som einhyrningshorn.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Art narkval Monodon monoceros». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 19. juni 2022.
- ↑ Eldegard K, Syvertsen PO, Bjørge A, Kovacs K, Støen O-G og van der Kooij J (2021, 24. november). Pattedyr: Vurdering av narhval Monodon monoceros for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 19. juni 2022
- ↑ Lowry, L., Laidre, K. & Reeves, R. 2017. Monodon monoceros. The IUCN Red List of Threatened Species 2017: e.T13704A50367651. Henta 19. juni 2022
- ↑ «narkval». I: Nynorskordboka. Språkrådet og Universitetet i Bergen. (henta 19. juni 2022)