Baffinøya
Baffinøya | |||
øy | |||
Land | Canada | ||
---|---|---|---|
Del av | Det kanadiske polararkipelet | ||
Areal | 507 451 km² | ||
Folketal | 13 148 (2016) | ||
Baffinøya 69°N 72°W / 69°N 72°W | |||
Plasseringa av Baffinøya i Canada
| |||
Wikimedia Commons: Baffin Island |
Baffinøya er ei av dei arktiske øyane i det nordlege Canada i territoriet Nunavut. Ho er den største øya i Canada, og den femte største øya i verda, med eit areal på 507 451 km². Ho er dermed litt større enn Spania. Øya har ein folkesetnad på 11 000 (2004).
Baffinøya er kalla opp etter den engelske oppdagaren William Baffin. Inuktitutnamnet hennar er Qikiqtaaluk,[1] som tyder 'veldig stor øy' (qikiqtaq, 'øy' og -aluk, 'veldig stor'), skrive ᕿᑭᖅᑖᓗᒃ med inuktitutskrift. Vikingane kalla øya for Helluland etter at ho vart oppdaga av Leiv Eriksson.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Øya er dekt av fjell og den høgaste toppen er Mount Blanche på 2 146 meter over havet. Ein annan og særprega fjelltopp er Mount Asgard på 2 011 moh. Iqaluit, som fram til 1987 heitte Frobisher Bay, er hovudstaden i Nunavut og ligg på sørkysten av øya.
Sør for øya ligg Hudsonsundet og Quebec på fastlandet. I aust ligg Davissundet og Baffinbukta og bortanfor der igjen ligg Grønland. I vest og i nord, Foxesjøen, Boothiabukta og Lancastersundet som skil Baffinøya frå resten av øyriket.
Tettstader
[endre | endre wikiteksten]Største tettstader (2001):
- Iqaluit (5 236)
- Pangnirtung (1 243)
- Pond Inlet (1 220)
- Clyde River (785)
- Arctic Bay (646)
- Kimmirut (433)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Inuit Heritage Trust: Place Names Program: Map Series». ihti.ca. Henta 29. juni 2021.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Baffin Island» frå Wikipedia på engelsk, den 17. november 2022.