Hopp til innhald

Feodosia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Feodosia
Феодосія, Kefe
by
Flagg
våpen
Land  Ukraina
Region Krimhalvøya
Høgd 50 moh.
Koordinatar 45°2′56″N 35°22′45″E / 45.04889°N 35.37917°E / 45.04889; 35.37917
Areal 35 km²
Folketal 105 264  (2011)
Folketettleik 3 008 / km²
Grunnlagd 500-talet fvt.
 •  Bystatus 1787
Tidssone EET (UTC+2)
 •  Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 98100 — 98175
Retningsnummer +380-6562
Tidlegare namn Kefe (fram til 1784), Caffa (fram til 1400-talet)
Kart
Feodosia
45°02′56″N 35°22′45″E / 45.048888888889°N 35.379166666667°E / 45.048888888889; 35.379166666667
Kart som viser Feodosia.
Kart som viser Feodosia.
Kart som viser Feodosia.
Wikimedia Commons: Feodosia

Feodosia (ukrainsk Феодо́сія; russisk Феодо́сия, gresk Θεοδοσία, Theodosía) er ein hamne- og ferieby på Krimhalvøya i Ukraina ved kysten av Svartehavet. Gjennom mykje av historia si har byen vore kjend som Caffa (ligurisk: Cafà) eller Kaffa (krimtatarisk: Kefe). Byen har litt over 100 000 innbyggjarar (2011).

Administrativt høyrer til byen og omlandet Feodosia kommune. Viktige næringar er turisme, fiske, bryggjing og konserveringsindustri.

Kinoteater Krim i Feodosia
Den genovesiske borga i Feodosia

Feodosia vart bygt på 500-talet f.Kr. av joniske greske kolonisatorar frå Milet under namnet Theodosia (Θεοδοσία), det slaviske bynamnet er ei forvansking av dette. Området vart kjent for sitt rike jordbruk, om som byen var avhengig av. Under antikken var området del av Det bosporanske riket.

Theodosia vart mykje skadd av hunarar på 300-talet e.Kr. I dei fylgjande ni hundreåra var Theodosia ein mindre by, som vart kontrollert av høvesvis Romarriket, gotarar, khazarar, Austromarriket, kiptjakar, frå 1204 til 1261 Republikken Venezia, og deretter av mongolar (den gylne horden). Desse selde byen til republikken Genova år 1266. Frå 1296 til 1307 var Kaffa atter under Venezia, sidan igjen under Genova. Ein blømande handel oppstod i byen, som italienarane kalla for Caffa, og som stort sett hadde monopol på handelen på Svartehavet og som tente som fremste hamn og administrativt sentrum for dei geneusiske koloniane rundt havet, styrt av ein konsul. Byen hyste ei tid ein av dei største slavemarknadene i Europa.

Truleg spreidde svartedauden seg frå Asia via Kaffa år 1347 til resten av Europa. Ein smitteberande mongolsk hær under Janibeg kringsette byen mellom 1346 og 1347. Etter krigarane vart sjuke og døydde vart lika slengde inn i byen med katapultar, og smitta der bybuarane. Då dei genuesiske kjøpmennene flykta heim til Italia førte dei smitta med seg.

Då genuserane byrja legge seg i den osmanske vasallstaten Krim-khanatet erobra den osmanske hærføraren Gedik Ahmet Pasja byen år 1475. Kaffa, på tyrkisk Kefe, vart ein av dei viktigaste osmanske hamnene ved Svartehavet. Den osmanske byen fall for Tsar-Russland saman med resten av Krim i 1783. Han bytte offisielt namn til Feodosia (Феодосия), ei slavifisering av det greske namnet i år 1802.

Under andre verdskrigen vart byen erobra to gonger av tyske troppar, som gjorde stor skade på byen.

Vêrdata for Feodosia
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 19,1 18,6 27,1 27,5 31,9 35,4 37,9 38,1 33,3 29 26,9 21,8 38,1
Gjennomsnittleg maks °C 4,7 5,1 8,5 14,6 20,6 25,7 29,1 28,7 23,2 17 10,8 6,5 16,2
Døgnmiddeltemperatur °C 1,8 1,7 4,9 10,6 16,2 21,1 24,2 23,8 18,7 13,1 7,5 3,7 12,3
Gjennomsnittleg min °C −0,8 −1,1 2 7,2 12,3 16,8 19,8 19,5 14,6 9,6 4,7 1,2 8,8
Lågast målte °C −25 −25,1 −14 −5,5 1,1 5 9,1 9,4 1,4 −11,2 −14,9 −18,6 −25,1
Gjennomsnittleg nedbør mm 36 41 42 37 36 43 30 48 45 38 48 51 495
Gns. solskinstimar i månaden 61 73,5 130,2 183 251,1 282 306,9 288,3 246 167,4 84 49,6 2 123
Kjelde: Pogoda.ru.net.[1]Hong Kong Observatory.[2]
Utsyn over Feodosia sett frå fjellet Tepe Oba.
  1. Weather and Climate-The Climate of Feodosia (på russisk), Retrieved 24 juli 2012.
  2. Climatological Information for Feodosia i Ukraina , Retrieved 3 August 2012.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]