Balmhorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Balmhorn
fjell
Balmhorn frå Allmenalp, oppfor Kandersteg
Land  Sveits
Kanton Bern, Valais
Fjellkjede Bern-Alpane
Høgd 3 698 moh.
Primærfaktor 1 008 m ↓ Finsteraarhorn
Koordinatar 46°25′30″N 7°41′37″E
Lettast tilkomst Sørvestryggen (Zackengrat)
Førstestiging Frank Walker
 - dato 21. juli 1864
Kart
Balmhorn
46°25′30″ N 7°41′37″ E
Wikimedia Commons: Balmhorn

Balmhorn (3698 m) er eit fjell i Bern-Alpane i Sveits. Toppegga dannar grense mellom kantonane Bern og Valais.

Balmhorn er knytt til det nærliggjande fjellet Altels av ein kvass snørygg. Også Rinderhorn høyrer med i dette massivet. Den bratte breen Balmhorngletscher renn frå Balmhorn mot nord gjennom Gasterental. Schwarzgletscher renn i vestleg retning gjennom Gemmiweg. Nedanfor austveggen ligg Lötschenpass og Lötschengletscher.

Vatnet på nordsida av massivet renn gjennom elvane Kander, Aare og Rhinen mot Nordsjøen, medan vatnet på sørsida renn gjennom Rhône ned i Middelhavet.

Fyrstestiging[endre | endre wikiteksten]

Fjellet vart klatra fyrste gongen den 21. juli 1864 av Frank Walker, Horace Walker, Lucy Walker, samt fjellførarane Jakob Anderegg og Melchior Anderegg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]