Bandmaurvarslar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bandmaurvarslar
Hannfugl i Goiás i Brasil Foto: Wagner Machado Carlos Lemes
Hannfugl i Goiás i Brasil
Foto: Wagner Machado Carlos Lemes
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Bandmaurvarslar
Utbreiinga av Bandmaurvarslar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Maurfuglar Thamnophilidae
Slekt: Thamnophilus
Art: Bandmaurvarslar T. doliatus
Vitskapleg namn
Thamnophilus doliatus

Bandmaurvarslar, Thamnophilus doliatus, er ein mellomstor maurfugl i den biologiske familien Thamnophilidae.

Arten er vidt spreitt i den neotropiske regionen frå Tamaulipas i Mexico, gjennom Mellom-Amerika, Trinidad og Tobago, og ein stor del av Sør-Amerika austom Andes så langt sør som nordlege Argentina, Bolivia og Paraguay. Det finst ein akseptert nordleg rekord i registrering frå det sørlege Texas.[1] Bandmaurvarslar lever i eit breitt spekter av skogkledde habitat som inkluderer hagar og parkar, i både fuktige og tørre regionar. Gjennom ein stor del av utbreiingsområdet sitt, er han blant dei vanlegaste maurfuglar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Hofugl
Foto: Dario Sanches
Hannfugl i Panama
Foto: Brian Gratwicke
Juvenil hofugl i Goias i Brasil.
Foto: Wagner Machado Carlos Lemes

Bandmaurvarslar er vanlegvis 16,5 cm lang, og veg 25 gram. Fjørdrakta til hannen har tette band i svart og kvitt, og har ein svart fjørtopp basert i kvitt som kan visast. Hoa er raudbrun på oversida med ein kastanjefarga kam. Sidene av hovudet og hals er streket i svart, og undersida er rikt gulbrun.

Underartane varierer først og fremst i kor mørke dei står fram, i mengda av svartkvite band og i fargetonen på undersida. Til dømes har underarten på Trinidad og Tobago T. d. tobagensis hannfuglar med lysare underside, og hoa er mørkare enn i nominatforma. Den mest karakteristiske underartan er T. d. capistratus i Caatinga i det nordaustlege Brasil, der hannar har einsfarga, svart krone utan kvite striper i og hoer har stripa strupe og svakt stripa buk. Det er òg den einaste underarten der iris er djup raudbrun til raud, men ikkje gul. Det har nyleg vorte foreslått at det bør vurderast ein eigen art av T. d. capistratus.

Dei lever vanlegvis som revirbundne par. Hoa legg to kremkvite, pupurflekka egg i eit djupt koppforma reir i ein busk, som blir ruga av begge kjønn i 14 dagar til klekking. Ungane blir flygedyktige innan 12-13 dagar.

Bandmaurvarslar er ein insektetar som lever av maurar og andre leddyr på eller nær bakken, vil iblant følgje kolonnar av vandremaurar, og vil ta små øgler og bær. Han har ein hu-hu-hu-hu-hu-hu song, ofte framført som ein duett av eit par fuglar, eller eit knurrande graaaaa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]