Bankbuss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tysk bankbuss

Bankbuss er ein buss som er innreidd for å fungera som bankfilial og som køyrer rundt til grissgrendte bygder, for at innbyggarane skal sleppa å reisa inn til næraste tettstad for å få utført banktenester. Tidlegare var det mange bankbussar i Noreg, men fleire vart lagt ned i 2000-åra. Den siste bankbussen driven av Luster Sparebank, vart lagt ned i mars 2008.[1] Sparebanken Sogn og Fjordane la ned sitt bankbusstilbod i desember 2011.[2]

Bankbussar blei erstatta av nye tenester som betalingskort, brevgiro, nettbank og liknande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Karlsen, R.K., «Rakk bankbussen før den stengte», NRK.no, 27/1-2010.
  2. Bankbussen hausten 2011 ved ssf.no