Dobbeltdekkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dobbeldekkar (Scania OmniCity).

Dobbel- eller dobbeltdekkar er ein buss med to etasjar. Slike bussar er særleg utbreidde i Storbritannia og tidlegare britiske koloniar, men dei blir også brukt i turist- og langdistansebussar over heile verda. Dobbeldekkarar med open andreetasje blir ofte brukt til turistkøyretøy i byar.

I europeiske byar, utanom Storbritannia, er leddbussar meir utbreidde enn dobbeldekkarar. Dette kjem mykje av at dei har fleire dører, slik at av- og påstiging går fortare, det er meir plass til rullestolar og barnevogner, og ein slegg problemet med at passasjerane dett ned «lofttrappa». Leddbussar er òg meir stabile enn dobbeltdekkarar, noko som er ein føremon på glatt føre.

Ordet «dobbeldekkar» er truleg eit lånord avleidd av engelsk double decker.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]