Barbara Pravi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barbara Pravi
Barbara Pravi en 2022.jpg
Fødd10. april 1993 (29 år)
FødestadParis
FødenamnBarbara Piévic
OpphavFrankrike
Aktiv2016–
Sjangerchanson
PlateselskapCapitol Music France, Capitol Music Group
Verka somsinger-songwriter, songar, skodespelar, låtskrivar

Barbara Piévic (fødd 10. april 1993), betre kjend som Barbara Pravi, er ein fransk songar, låtskrivar og skodespelar. I 2015 skreiv Pravi platekontrakt med Capitol Music France og har sidan gjeve ut to EP-ar: Barbara Pravi (2018) og Reviens pour l'hiv (2020). Som låtskrivar har Pravi skrive songar for ei rekkje artistar, blant andre Yannick Noah, Julie Zenatti, Chimène Badi og Jaden Smith. Pravi komponerte låten «J'imagine» av Valentina, som vann Junior Eurovision Song Contest 2020. Pravi skal representere Frankrike i Eurovision Song Contest 2021 med songen «Voilà».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Pravi vart fødd inn i ein musikarfamilie i Paris 10. april 1993.[1] Farfaren til Pravi er serbisk, medan mora er iransk.[1] Etternamnet stammar frå det serbiske ordet «prava» ('autentisk'), og er ei hyllest til den serbiske farfaren hennar.[2]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

2014–2018: Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Pravi innleia musikkarrieren sin i 2014 etter å ha møtt den franske musikaren Jules Jaconelli. Saman byrja dei å skrive låtar, og året etter signerte ho kontrakt med selskapet Capitol Music France. Pravi skreiv filmmusikken til den franske versjonen av den sveitsiske filmen Heidi, og seinare fekk ho rollen som Solange Duhamel i musikalen Un été 44 i november 2016. Der framførte ho songar skrivne av Jean-Jacques Goldman, Charles Aznavour og Maxime Le Forestier.[3][4]

I 2017 slapp ho sin fyrste offisielle singel, «Pas grandir».[5] Singelen var òg med på hennar selvtitulerte debut-EP som kom ut året etter. I 2017 hadde ho òg ei rolle i tv-filmen La Sainte famille, som vart send på France 2 i desember 2019.[6] Frå 2017 til 2018 deltok Pravi i turneen 55 Tour, som oppvarmings- og støtteartist for songaren Florent Pagny.[7] Utover i 2018 gjekk Pravi over til å opptre med meir tradisjonell fransk musikk i chanson-stil, i motsetning til popmusikken som dominerte dei fyrste utgjevingane hennar.[8]

I tillegg til å skriva eigne låtar, har Pravi òg komponert låtar for andre artistar – blant andre Yannick Noah, Julie Zenatti, Chimène Badi og Jaden Smith.[9][10][11][12]

2019–: Eurovision-suksess[endre | endre wikiteksten]

I 2019 dukka Pravi fyrste gong opp i Eurovision Song Contest-samanheng etter å ha komponert songen «Bim bam toi» for den franske ungdomsartisten Carla. Songen komponerte ho saman med den franske musikaren Igit, og songen representerte Frankrike i Junior Eurovision Song Contest 2019 i Gliwice, der den kom på femteplass.[13][14] Etter tevlinga fekk låten stor suksess på TikTok.[15] Etter suksessen med «Bim bam toi», gav Pravi seinare ut sin andre EP, Reviens de l'hiver i februar 2020.[16][17]

I 2020 skreiv Pravi og Igit på ny det franske bidraget til Junior Eurovision Song Contest. Songen, «J'imagine», vart framført av barneartisten Valentina, og vann Junior Eurovision Song Contest 2020 i Warszawa. Dette var fyrste gongen Frankrike vann tevlinga.[18][19] Seinare same år vart Pravi kunngjord som ein av deltakarane til den franske musikktevlinga Eurovision France, c'est vous qui décidez!. Vinnaren av tevlinga får representere Frankrike i Eurovision Song Contest 2021.[20][21] Pravi vann den franske finalen 30. januar 2021, med songen «Voilà», og fekk dimed representere Frankrike i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam.[22] Kringkastaren France Télévisions hadde fleire gonger tidlegare bede ho representere landet i Eurovision Song Contest, men Pravi avslo fordi ho følte «ho ikkje var klår».[23]

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Pravi har engasjert seg sterkt i kampen mot vald mot kvinner, etter sjølv å ha vorte utsett for det same.[24] Ho har fleire gonger bidrege i ei rekkje musikkprosjekt for å fremja rettane til kvinner.[25][26][27][28][29] Pravi har henta musikalsk inspirasjon frå artistar som Barbara, Jacques Brel, Georges Brassens, Françoise Hardy og Aragon.[30]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

EP-ar[endre | endre wikiteksten]

  • 2018 – Barbara Pravi
  • 2020 – Reviens de l'hiv

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 2016 – «On m'appelle Heidi»
  • 2017 – «Pas grandir»
  • 2018 – «You Are the Reason» (fransk duettversjon med Calum Scott)
  • 2019 – «Le Malamour»
  • 2020 – «Reviens de l'hiv»
  • 2020 – «Chair»
  • 2020 – «Voilà»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Eurovision-fr.net – Informations -Eurovision FRANCE 2021 : Entrevue exclusive avec Barbara Pravi». Eurovision-fr.net. Arkivert frå originalen 2021-01-30. Henta 16. januar 2021. 
  2. «Eurovision France 2021, c’est vous qui décidez : Barbara Pravi – Voilà». En Route: Eurovision (på fransk). 18. januar 2021. Arkivert frå originalen 2021-01-30. Henta 30. januar 2021. 
  3. On m'appelle Heidi , Mal:BNF.
  4. Télématin On encadre – Barbara Pavi (på fransk), arkivert frå originalen 2021-01-27, henta 18. januar 2021 
  5. «"Pas grandir" : Barbara Pravi fait le grand saut avec un titre pétillant et féministe». chartsinfrance.net. Arkivert frå originalen 2021-01-28. Henta 19. januar 2021. 
  6. «BARBARA PRAVI». Animae (på fransk). Arkivert frå originalen 2021-01-28. Henta 19. januar 2021.  Arkivert 28. januar 2021 på Wayback Machine.
  7. «Un dernier verre avec Barbara Pravi». LEFIGARO (på fransk). Arkivert frå originalen 2020-11-09. Henta 13. januar 2021. 
  8. Février 2020, 6 (6. februar 2020). «Barbara Pravi en interview : "J’ai compris que j’avais besoin d’amour, de personnes bienveillantes"». aficia. (på fransk). Arkivert frå originalen 2020-03-06. Henta 13. januar 2021. 
  9. «Eurovision : Barbara Pravi impressionne avec "Voilà", une chanson bouleversante». chartsinfrance.net. Arkivert frå originalen 2020-12-12. Henta 19. januar 2021. 
  10. Décembre 2020, 16 (16. desember 2020). «Julie Zenatti bientôt de retour dans les bacs». aficia. (på fransk). Arkivert frå originalen 2021-01-28. Henta 19. januar 2021. 
  11. Eurovision France BARBARA PRAVI, 27 ans – « Voilà » (på fransk), arkivert frå originalen 2020-12-09, henta 19. januar 2021 
  12. «BARBARA PRAVI». Animae (på fransk). Arkivert frå originalen 2021-01-28. Henta 19. januar 2021.  Arkivert 28. januar 2021 på Wayback Machine.
  13. Herbert, Emily (11. oktober 2019). «France: Carla to Junior Eurovision 2019». Eurovoix. Arkivert frå originalen 2019-10-11. Henta 30. januar 2021. 
  14. «Carla – France – Gliwice-Silesia 2019». junioreurovision.tv (på engelsk). Arkivert frå originalen 2021-01-10. Henta 13. januar 2021. 
  15. à 08h44, Par Eric Bureau Le 27 juin 2020; À 16h00, Modifié Le 29 Juin 2020 (27. juni 2020). «Comment TikTok a boosté la carrière de la chanteuse Carla». leparisien.fr (på fransk). Arkivert frå originalen 2020-12-16. Henta 13. januar 2021. 
  16. «Barbara Pravi». France Bleu (på fransk). Arkivert frå originalen 2020-06-15. Henta 13. januar 2021. 
  17. KHENG, Vincent (7. februar 2020). «" Reviens pour l’hiver ", le nouvel EP de Barbara Pravi». Just Music (på fransk). Arkivert frå originalen 2021-01-16. Henta 13. januar 2021. 
  18. «Valentina – France – Poland 2020». junioreurovision.tv (på engelsk). Arkivert frå originalen 2020-12-12. Henta 13. januar 2021. 
  19. «Cocorico ! Grâce à Valentina, la France remporte l'Eurovision Junior 2020». www.20minutes.fr (på fransk). Arkivert frå originalen 2020-12-13. Henta 13. januar 2021. 
  20. «France has started their new selection process for Eurovision 2021». Eurovision.tv (på engelsk). 9. desember 2020. Arkivert frå originalen 2020-12-09. Henta 13. januar 2021. 
  21. Média, Prisma. «Eurovision France : qui est Barbara Pravi, la favorite des fans du concours ? - Voici». Voici.fr (på fransk). Arkivert frå originalen 29 January 2021. Henta 30. januar 2021. 
  22. «France decided: Barbara Pravi to Eurovision 2021!». eurovision.tv. European Broadcasting Union. 30. januar 2021. 
  23. Barké, Sébastien (1. januar 2021). «Eurovision France 2021 : qui est Barbara Pravi, l'interprète de "Voilà" ?». www.programme-tv.net (på fransk). Arkivert frå originalen 2021-01-13. Henta 13. januar 2021. 
  24. «TARATATA N°523». mytaratata.com (på fransk). Arkivert frå originalen 2020-08-06. Henta 13. januar 2021. 
  25. «L'hymne féministe du MLF, "Debout les femmes", repris par 39 musiciennes». L'Obs (på fransk). Arkivert frå originalen 2020-11-28. Henta 13. januar 2021. 
  26. «Barbara Pravi, la chanteuse qui ne voulait pas être une lolita». RTL.fr (på fransk). Henta 13. januar 2021. 
  27. «Barbara Pravi dévoile une chanson puissante et féministe pour la Journée pour les droits des femmes». BFMTV (på fransk). Arkivert frå originalen 2021-01-08. Henta 13. januar 2021. 
  28. «[Itw]: Barbara Pravi " Chair est ma vérité "». PhenixWebZine (på fransk). 23. mars 2020. Arkivert frå originalen 2020-10-29. Henta 13. januar 2021. 
  29. Pervers narcissique (Avec la participation de Barbara Pravi) (på engelsk), arkivert frå originalen 2021-01-30, henta 19. januar 2021 
  30. «Interview Barbara PRAVI : " je rêve de faire une voix Disney "». Mamusicale (på fransk). 7. november 2017. Arkivert frå originalen 2020-08-15. Henta 13. januar 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]