Bassisten Tony Jackson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tony Jackson
Fødd16. juli 1938
FødestadDingle
Død18. august 2003
DødsstadNottingham
FødenamnAnthony Paul Jackson
OpphavStorbritannia
Instrumentgitar, vokal
Verka somsongar

Anthony Paul Jackson (16. juli 194018. august 2003) var ein engelsk bassgitarist og songar som var ein av dei opphavlege medlemmane i The Searchers.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Jackson var fødd i Dingle i Liverpool i Lancashire. Jackson var inspirert av skifflestilen til Lonnie Donegan, og så av Buddy Holly og andre amerikanske rock and roll-artistar. Han skipa skifflegruppa The Martinis. I 1959 vart han med John McNally og Mike Pender i The Searchers. Jackson bygde seg ein eigen bassgitar og lærte seg å spele, men det var vanskeleg for han å syngje samstundes. Bandet fekk derfor inn ein ny songar, Johnny Sandon, i 1960. Dei spelte på nattklubbar i Liverpool og pubar i Hamburg i Tyskland. Brian Epstein vurderte å bli manager for dei, men han mista interessa då han såg ein full Jackson falle av scenen på Cavern Club. Sandon slutta i bandet i februar 1962 og bandet fekk kontrakt med Pye Records i midten av 1963 med Jackson attende som songar. Han song og spelte bass på dei to første hittane deira, «Sweets for My Sweet» og «Sugar and Spice», men var ikkje vokalist på den største hitten til bandet, «Needles and Pins». Han song på både «Don't Throw Your Love Away» og «Love Potion No. 9». Jackson slutta i bandet i 1964 då ha ikkje likte retninga bandet tok, bort frå rock and roll, mot ein mildare, meir melodisk stil.

Han byrja så i bandet The Vibrations, som turnerte i Storbritannia med The Hollies, Marianne Faithfull og andre artistar. Dei gav ut fire singlar for Pye Records, men berre den første vart ein suksess. I 1965 endra dei namn til Tony Jackson Group, men den fjerde singelen selde òg dårleg og dei vart droppa av Pye. Etter ein periode på CBS utan betre resultat, gav Jackson seg heilt med musikkarrieren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]