Needles and Pins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Needles and Pins
Singel av Jackie DeShannon
frå albumet Breakin' It Up on The Beatles Tour!
Utgjeve 11. april 1963
Sjanger Rock, beat
Selskap Liberty F-55563
Låtskrivar(ar) Jack Nitzsche, Sonny Bono
Needles and Pins
Singel av The Searchers
frå albumet It's The Searchers
B-side «Saturday Night Out»
Utgjeve 7. januar 1964 (UK)
Sjanger Merseybeat, britisk rock and roll
Lengd 2:14
Selskap Pye 7N15594 (UK)[1]
Kapp 577 (USA)
Produsent Tony Hatch[1]
The Searchers-kronologi
«Sweet Nothins»
(1963)
Needles and Pins «Don't Throw Your Love Away»
(1964)


Needles and Pins
Singel av Smokie
frå albumet Bright Lights & Back Alleys
B-side «No-One Could Ever Love You More» (Noreg)
Utgjeve 1977
Sjanger Rock
Lengd 2:47
Selskap RAK
Produsent Nicky Chinn, Mike Chapman
Smokie-kronologi
«It's Your Life»
(1977)
Needles and Pins «For a Few Dollars More»
(1978)


Needles and Pins
av Ramones
frå albumet Road to Ruin
Utgjeve 1978
Innspelt 1978
Sjanger Punkrock
Lengd 2:21
Selskap Sire
Produsent Tommy Ramone, Ed Stasium
Ramones-kronologi
«Don't Come Close»
(1978)
Needles and Pins «I Wanna Be Sedated»
(1979)


Needles and Pins
Singel av Tom Petty and the Heartbreakers og Stevie Nicks
frå albumet 'Pack Up the Plantation: Live!'
Utgjeve 30. desember 1985
Sjanger Rock
Lengd 2:23
Selskap MCA
Tom Petty and the Heartbreakers og Stevie Nicks-kronologi
«Make It Better (Forget About Me)»
(1985)
Needles and Pins «Refugee (Live)»
(1986)


«Needles and Pins» er ein song skriven av Jack Nitzsche og Sonny Bono. I sjølvbiografien skriv Bono at han song i lag med gitarspelinga til Nitzsche, og skapte både melodien og teksten ved hjelp av akkordane.[2]

Songen vart først spelt inn av Jackie DeShannon. Andre hitversjonar av songen vart spelte inn av The Searchers, Cher, Tom Petty and the Heartbreakers med Stevie Nicks, Willie DeVille, Gary Lewis & the Playboys, Smokie, the Turtles, Ultima Thule og Ramones. Han vart ein stor hit som gjekk heilt til topps i Frankrike då han vart sungen på fransk av Petula Clark kalla «La Nuit N'en finit Plus».

Jackie DeShannon-versjonen (1963)[endre | endre wikiteksten]

Songen vart først spelt inn av Jackie DeShannon i 1963. I USA nådde han 84. plassen på Billboard Hot 100 i mai det året.[3] Sjølv om han berre vart ein mindre hit i USA, toppa DeShannon-versjonen singellista i Canada i 1963.

Liste (1963) Plassering
Kanadiske CHUM-lista 1
U.S. Billboard Hot 100 84

The Searchers-versjonen (1964)[endre | endre wikiteksten]

The Searchers høyrte den britiske artisten Cliff Bennett spelte «Needles and Pins» på ein klubb i Hamburg[treng kjelde], og ønskte raskt å spele han inn sjølv. Singelen vart gjeven ut på Pye Records i januar 1964.[1] Han gjekk heilt til topps i Storbritannia,[1] Irland og Sør-Afrika og nådde 13. plassen på Billboard Hot 100-lista i USA. Kort tid etter, i april 1964, kom «Needles and Pins» med på det neste albumet til the Searchers, It's the Searchers.

Ein kan høyre knirkinga frå basstrommepedalen gjennom heile innspelinga, særleg i starten av songen.

Liste (1964) Plassering
Australia Kent Music Report 2
Frankrike 29
Tyskland[4] 8
Irish Singles Chart[5] 1
Sverige 5
UK Singles Chart[6] 1
US Billboard Hot 100 13
Noreg[7] 8
Sør-Afrika 1

Smokie-versjonen (1977)[endre | endre wikiteksten]

I 1977 spelte det engelske rockebandet Smokie inn songen som ein rockeballade for albumet Bright Lights and Back Alleys, og fekk ein hit i Europa med songen. Songen gjekk til topps i fleire europeiske land.

Ramones-versjonen (1978)[endre | endre wikiteksten]

The Ramones spelte inn «Needles and Pins» i 1978 på album Road to Ruin.

Tom Petty and the Heartbreakers-versjonen (1985)[endre | endre wikiteksten]

Tom Petty and the Heartbreakers gav ut det første konsertalbumet sitt i 1985, Pack Up the Plantation: Live!, der songaren frå Fleetwood Mac, Stevie Nicks song på «Needles and Pins» med Tom Petty i the Forum i Los Angeles i California.

Liste (1985) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 37
U.S. Billboard Album Rock Tracks 17
Kanadiske RPM Top Singles 85

Genesis-referanse[endre | endre wikiteksten]

Songen vert referert i Genesis-songen «Broadway Melody of 1974» frå albumet The Lamb Lies Down on Broadway. Teksten går slik: «And as the song and dance begins, the children play at home with needles...Needles and pins» der linja «Needles and pins» vert sungen med dei originale tonane frå songen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 76. ISBN 0-85112-250-7. 
  2. Sonny Bono, And the Beat Goes On (New York: Pocket Books, 1991).
  3. Joel Whitburn's Top Pop Singlar 1955-1990, Record Research, Inc., Menomonee Falls WI, 1991
  4. «Chartverfolgung > The Searchers > Needles and Pins» (på tysk). Media Control Charts. Musicline.de. 19. april 1984. Henta 12. mars 2015. 
  5. «The Irish Charts – All There Is To Know». Irish Recorded Music Association. Irishcharts.com. 22. januar 1984. Henta 13. mars 2015. 
  6. «ChartArchive - The Searchers - Needles And Pins». Archive.is. Henta 13. mars 2015. 
  7. Steffen Hung. «The Searchers - Needles And Pins». norwegiancharts.com. Henta 13. mars 2015.