Bayou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bayou ved Arkansas Post i Arkansas

Ein bayou er eit lite vassområde med sakterennande eller stilleståande vatn. Han kan til dømes oppstå som ein meander som er blitt isolert frå hovudløpet til ei elv eller liknande. I mange bayouar kjem dei einaste straumane frå vind eller tidvatn. Det kan òg vera tala om ei mindre forgrening av ei elv der vatnet går vesentleg saktare enn hovudløpet. Mange bayouar huser skaldyr som krepsdyr og muslingar, til dømes Bayou Coquille i det sørlege Louisiana, som har namn etter coquille- muslingen.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Bayou Landscape (1886) av Joseph Rusling Meeker.

Ordet «bayou» kjem truleg frå eit ord frå choctaw, bayouk, som betyr ‘lite vassfar’.[1] Ordet blir typisk brukt i dei amerikanske sørstatane, ikkje minst i den delen av Louisiana som blir kalla Acadia, der uttrykket òg er knytt til cajun-kulturen. Den kreolske kulturen der blir òg ofte knytt til bayouomgrepet. Men uttrykket blir brukt frå Texas til Alabama.

Houston i Texas blir kalla «Bayou City»,[2] hovudsakleg på grunn av den lange Buffalo Bayou, som går gjennom byen. New Orleans har sin eigen bayou, Bayou St. John, og i området kring denne byen finst det mange bayouar.

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Balzamine-plantasjen ved Bayou Terrebonne i Louisiana (1857) av Marie Adrien Persac.

I populærkulturen, ikkje minst i grøssarfilmar, blir bayouar ofte knytt til noko mystisk, dystert eller spøkjelsesaktig. Fleire songar nemnar dei, som Roy Orbison sin «Blue Bayou», som kanskje er best kjend med Linda Ronstadt som artist. Creedence Clearwater Revival har songen «Born on the Bayou» på albumet Bayou Country, og den gamle Hank Williams-hitten «Jambalaya» heiter eigentleg «Jambalaya (On the Bayou)» og har ei linje i omkvedet som går «Son of a gun, we'll have big fun on the bayou». I filmen Forrest Gump har Forrest ein rekebåt, «Jenny», liggande i Bayou La Batre i Alabama.

Kjende døme[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Online Etymology Dictionary Arkivert 2011-06-06 ved Wayback Machine., Dictionnaire de l'Académie française, 9th edition Arkivert 2012-02-25 ved Wayback Machine.
  2. Shilcutt, Katharine (24. oktober 2016). «What's a Bayou Anyway?». Houstonia. Arkivert frå originalen 2. januar 2019. Henta 1. januar 2019.