Beit She'arim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°41′46.31″N 35°10′38.28″E
Beit She'arim
kibbutz
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Galilea
Distrikt Nord distrikt
Kommune Jezreeldalen
Koordinatar 32°41′46.31″N 35°10′38.28″E
Grunnlagd 1926
 - Grunnlagd av Jugoslaviske emigrantar
Tilhøyrsle Moshavimrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Bet Shearim

Beit She'arim (hebraisk בֵּית שְׁעָרִים, tyder Porthuset) er ein moshav nord i Israel. Han ligg i Galilea nær Ramat Yishai og høyrer til Jezreeldalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 528.

I 1920-åra organiserte Luise Lea Zaloscer og syster hennar Klara Barmaper kjøpet av landområdet for den planlagde moshaven på vegner av JNF i Jugoslavia. I 1926 slo ei gruppe emigrantar frå Jugoslavia seg ned på staden og grunnla ein moshav, og namngav han etter den antikke byen Beit She'arim. Ruinane av denne byen ligg i det som i dag er ein nasjonalpark. På grunn av økonomiske vanskar flytta dei fleste nybyggjarane i 1930-åra, og i 1936 vart moshaven grunnlagd på ny av medlemmar frå HaNoar HaOved VeHaLomed, emigrantar frå Jugoslavia og Aust-Europa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]