Nahalal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Koordinatar: 32°41′24″N 35°11′48″E
Nahalal
landsby
none Flyfoto av Nahalal
Flyfoto av Nahalal
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Nedre Galilea
Distrikt Nord
Kommune Jezreeldalen
Koordinatar 32°41′24″N 35°11′48″E
Folketal 907 (2008) [1]
Grunnlagd 1921
 - Grunnlagd av Immigrantar frå Aust-Europa
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Nahalal

Nahalal (hebraisk נַהֲלָל), er ein moshav nord i Israel.

Namnet kjem frå ein bibelsk landsby som høyrte til Sebulonstammen (Josva 19:15). Han ligg i Jezreeldalen regionale kommune. I 2008 hadde han eit folketal på 907.[1]

Han vart grunnla i 1921 og var den første moshav shitufi, men statusen vart endra til moshav ovdim i 1992.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den moderne moshaven vart forma av Richard Kauffmann og vart grunnlagd i 1921. Grunnleggjarane immigrerte til Palestinamandatet frå Aust-Europa i det som er kjend som den andre og den tredje Aliyah mellom 1904 og 1914 (på slutten av det osmanske styre). Somme hadde vore medlemmar i den første kibbutzen, Degania. Etter å ha arbeidd i gardssamfunna i eit tiår, ønskte dei å opprette ein fellesgard som minna om ein kibbutz, men der familiane budde kvar for seg (kibbutzim hadde fellesmåltid og barna sov i eigne hus).

Moshaven vart grunnlagd den 11. september 1921 på eit landområde som vart til dei av Jewish National Fund.

Dei små bekkane i området skapte myrer som trekt til seg mygg som spreidde malaria. Dei høyrte på åtvaringane til ekspertar blant dei, som dr. Hillel Yaffe, ein ekspert på kampen mot malari, og dei slo seg for ei stund ned på ein ås i nærleiken, nær den arabiske landsbyen Ma'lul. Seinare kom grunnleggjarane ned frå åsen og delte landet seg i mellom.

Den 22. desember 1932 vart eit medlem i moshaven og sonen hans drepen då ei bombe vart kasta inn i heimen deira.

Planløysinga til landsbyen i Nahalal, utforma av arkitekten Richard Kauffmann, danna mønsteret for mange moshavenim som vart oppretta før 1948. Løysinga baserte seg på konsentriske sirklar, med fellesbygningane (skule, administrasjon, kultur, butikkar og lager) i midten, heimane i den inste sirkelen, gardsbygningane i den neste, og utafor der hagar, marker og åkrar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]