Balfouria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°37′48.72″N 35°17′46.68″E
Balfouria
בַּלפוּרְיָה
kibbutz
תמונה 481.jpg
Balfouria
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord
Kommune Jezreeldalen
Koordinatar 32°37′48.72″N 35°17′46.68″E
Folketal 312 (2006)
Grunnlagd 1922
 - Grunnlagd av American Zion Commonwealth
Tilhøyrsle Moshavimrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Balfouria

Balfouria (hebraisk בַּלפוּרְיָה) er ein moshav nord i Israel, sør for Nasaret. Han ligg nær Afula og høyrer til Jezreeldalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 312.

Jezreeldalen

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første nybyggjarane samla seg i 1919 og byrja opplæring for å kunne starte eit jordbrukssamfunn. Det vart kjøpt eit landområde med hjelp av American Zion Commonwealth og Keren Hayesod skaffa utstyr. Moshaven vart grunnlagd i 1922, som den tredje i Palestina, og vart kalla opp etter Arthur James Balfour, som skreiv Balfour-erklæringa, som var open for planane til sionistane om å danne ein jødisk «nasjonalheim». I følgje Jewish National Fund i 1949 var Balfouria den første landsbyen som vart grunnlagd i Palestina etter Balfour-erklæringa.[1]

Grunnleggjarane fekk med seg tidlegare kibbutz-medlemmar, og fleire frå Merhavia fellesbusetnad, i tillegg til mange nybyggjarar frå Petah Tikva. Husa og låvane vart betalte av the Commonwealth og var av betong med spontak, og nybyggjarane i Balfouria vart derfor kalla «millionærane». Lord Balfour vitja moshaven i 1925.

I 1939 vart landområdet til moshaven overført til Jewish National Fund. I 1934 var nybyggjarane ferdig med å grave ein ny brunn som gav betre vilkår for jordbruket i området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 9.