Beltedyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk


Beltedyr (vitskapleg namn Dasypodidae) er ei gruppe gomlarar. Det finst omkring 20 nolevande artar, dei fleste er søramerikanske. Den minste arten blir 15 cm og den største 150 cm lang. Oversida av kroppen er dekt av eit tungt panser av hornplater. Føda er variert.

Under jakta på små virveldyr og insekt grev beltedyret bytet opp av jorda i stor fart. Beltedyret er avhengig av å ha konstant luktkontakt med bytet. Samstundes kan ikkje dyret puste under gravinga fordi det ville få støv i nasen. Nibandsbeltedyret løyser problemet med at det kan lukte utan å puste, samstundes kan det halde pusten i 6 minutt medan gravinga skjer. Beltedyret har knapt tenner. Beltedyret er heilt og halde basert på forsvarsteknikk, og graveevna er ein del av denne. Beltedyret har i tillegg eit solid panser av beinplater som dekker hovud og kropp. Indianarane i Amazonas jaktar på beltedyret, særleg nibandsbeltedyret.

Tjue artar[endre | endre wikiteksten]

Det finst i alt 20 ulike beltedyrartar. Den største, kjempebeltedyret, kan bli opptil 60 kg Det er likevel lite samanlikna med forfedrane som hadde tre meter lange ryggskjold. Desse skjolda vart brukt som tak og gravkvelvingar av tidlegare tiders indianarar. Nibandsbeltedyret er det vanlegaste i dag, og det har igjen seks underartar. Felles for alle beltedyrartane er at dei held til i Sør-Amerika eller i dei sørlege delane av Nord-Amerika. Tidlegare fanst ikkje beltedyret lenger nord enn Mexico. På slutten av 1800-talet tok dyra seg over elva Rio Grande til Texas.

Berre éit kjønn[endre | endre wikiteksten]

Ei brasiliansk regle fortel noko om beltedyra sitt familieliv:

«Er du mann kan du ikkje ha syster, er du kvinne kan du ikkje ha bror».

Verset speler på at søskenflokkar av beltedyr anten er hannar eller hoer. Grunnen er at beltedyrungar alltid er éinegga fleirlingar. Ungane til nibandsbeltedyret er som regel firlingar. Dei blir fødde etter at mora har gått drektig i fire månader. Ved fødselen er ungane dekt av ein lêraktig hud som blir svært hard i løpet av nokre veker.

Inndeling av artar[endre | endre wikiteksten]

Indianarane deler ikkje som zoologane dyra inn i arter og underarter. Dei nøyer seg med å dele beltedyra inn i to grupper, «gode» og «dårlege». Nibandsbeltedyret høyrer til første kategorien, medan seksbandsbeltedyret må nøye seg med å bli klassifisert som eit dårleg beltedyr. Det som ligg til grunn for denne inndelinga er om beltedyra et åtsel eller ikkje. Beltedyr som et åtsel blir ikkje rekna som attraktiv mat av indianarane, og blir difor klassifisert som dårlege.

Medan nibandsbeltedyret og mange av slektningane klarar seg godt som artar er det dårlegare stilt med kjempebeltedyret. Denne arten er forsvunne frå store delar av dei tidlegare utbreiingsområda i Peru og Brasil, og blir rekna som ein trua art. Øydelegging av levestadene deira er den faktoren som bidreg mest til at bestanden av kjempebeltedyr minkar. Ein annan art som er trua er knappebeltedyra som lever langt sør i Sør-Amerika.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Beltedyr