Béowulf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Beowulf)
Førstesida til Beowulfmanuskriptet, Nowell Codex', Cotton Vitellius A.x.v. 129 r.

Béowulf er eit langt angelsaksisk heltekvad, truleg dikta seint på 700-talet, og skrive ned etter munnleg overlevering kring år 1000.

Diktet tek namnet frå helten Béowulf, ein geatisk kongeson (frå Gautland) som reiser over havet til skjoldungekongen Hrothgar for å hjelpe han med utysket Grendel. Grendel herjar i kongshalla kvar natt, og drep kongens menn. Béowulf greier å vinne på Grendel, og seinare på mor til Grendel, som bur nede i myra.

Etter at Béowulf kjem heim frå Danmark vert han konge over gautane, og sit til han vert drepen av ein drake. Etter det vert Wiglaf konge for gautane, men så er soga ute for dei, av di dei kjem i krig med sveane (Ynglingeætta).

Elles er kvadet dikta som ei hylling til Skjoldungane, og handlinga er lagt til Danmark og Gautland.

Beowulf dreg til Daneland. Illustrasjon frå 1908.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kvadet er på 3182 liner, delt opp i ei rekkje bolkar:

Fyrekvæde[endre | endre wikiteksten]

Innleiinga eller Exordiet (line 1-52), opnar diktet med ei oppramsing av skjoldungkongane frå Scyld Scefing (Skjold, son av eller etterkomar av Sceaf), som var den første av ætta på dansk grunn. Etter Scyld vert sonen Beowulf konge, denne Beowulf er ikkje same person som helten i kvædet. Andre kjelder kallar han Beow (Bjár i Den yngre Edda). Exordiet fortel at Scyld døydde og vart ført bort over havet på eit skip. Kvædet minner om at Scyld òg var komen over sjøen på same vis, send av nokre vi ikkje kjenner:

Ikkje dei evast å yte so gjæve,
dyre gåver som dei hadde ytt
som burt honom sende då barn han var,
hit over havet heilt åleine.

Grendel-ota[endre | endre wikiteksten]

Fire menn ber hovudet til Grendel. Illustrasjon frå 1908.

Dette er den første hovudbolken av kvædet (53-1250), og fortel om sonen av Beowulf, Healfdene eller Halvdan. Denne Halvdan får tre søner: Heorogar, Hrothgar og Halga (Hergeir, Roar og Helge). Attåt får Healfdene ei dotter (namnet er kome bort i teksta), som vert gift med ein Scilfing (ein av Ynglingeætta).

Hrothgar vert konge over danene og byggjer ei stor mjødhall, kalla Heort. Her held han store kongsgilde, til trollet Grendel høyrer gjete det, og uroar gildet. Grendel

Vavra i villmark, i våtmyrar budde,
fen og frostland. I fælslege tusseheim
usæle mannen allstødt budde...

Skalden fortel at Grendel ættar frå Kain, som vart straffa til å vera ættefar til alle underjordiske. Han bryt seg inn i halla og tek med seg «tretti tignar», som han et opp. Etter dette står halla folketom i tolv år, før helten Beowulf kjem til frå Gautland. Beowulf er hirdmann hjå kongen Hygelac (Hugleik), og er son av Eggteow. Mor hans Beowulf var dotter av gautkongen Hredel.

Beowulf har med seg femten følgjesveinar til kampen. Dei lægrar seg i Heort for natta, og Beowulf legg bort sverd og hærbunad, etterdi trollet er laga slik at våpen ikkje bit på han. Grendel kjem, og Beowulf tar tak i armen hans og bryt med han, og Grendel lyt gje seg etter at Beowulf har slite armen hans av. Denne vert kasta opp på taket, slik at alle kan sjå han, medan Grendel vik unna, attende til myra for å døy.

Denne bolken av kvædet fortel òg om symjetevlinga mellom Beowulf og Breca, der den eine sumde like til Finneheimen, og den andre til landet åt Heado-reamane (moglegvis Raumarike). Seinare vert det vist til ei anna hending (1063-1159), forteljinga om Finn og Hengest, og korleis Frisarkongen Finn vart drepen av Hengest etter å ha svike danehovdingen Hnæf. Denne forteljinga og tilknytinga til Finnsborgstriden er grundig drøfta av J.R.R. Tolkien, som førte prov for av den omtala Hengest er same mann som Hengest av Kent.

Ota om Grendelsmora[endre | endre wikiteksten]

Denne bolken (1251-1887) fortel korleis mor av Grendel, berre kalla Grendelsmora, «gruvlege gygra» tek hemn for drapet på sonen. Ho er ikkje like sterk som Grendel og lyt ha seg unna, men Beowulf følgjer etter henne, og vinn på ho nede i myra. Det finst ikkje sverd som bit på ho, men nede i hola hennar finn Beowulf eit trollsverd som hogg hovudet av ho. Når sverdet bit, visnar det bort, og Beowulf sit att med sverdhjaltet. Han tek med seg hjaltet og hovudet opp frå myra. Etter dette reiser Beowulf heim til Gautland med rike gåver.

Heimkoma[endre | endre wikiteksten]

Denne bolken (1888-2199), fortel om møtet med Hygelac, og om korleis Beowulf vert heidra hjå sine eigne.

Drake-ota[endre | endre wikiteksten]

Trælen til Beowulf stel eit staup frå den sovande draken. Illustrasjon frå 1908.

Dette er siste bolken av kvædet (2200-3182). Her vert det sagt korleis Hygelac fall, og Beowulf vart konge etter han. Hygelac er rekna å vera same mann som hovdingen Chocilaicus, som gjorde strandhogg på munningen av Rhinen om lag 525. Dette tidfester handlinga i Beowulf til om lag 515.

Beowulf sit som konge i Gautland i femti vintrar, fortel kvædet. So kjem det ein drake ut på herjing. Draken er vekt av ein træl som stal seg ned i ei hole og rømde med eit staup. Beowulf tek ut med tignane sine for å møte draken. Men no er han gamal og ikkje so før som i unge år. Draken vinn på Beowulf og slår han ned. Den unge hirdmannen Wiglaf drep draken og lyr på dei siste orda frå Beowulf. Beowulf gjev Wiglaf ein gullring og nemner han som neste kongen over gautane. Før Beowulf vert bålført, spår Wiglaf om ufred med sveane, og nemner fleire av kongane i ynglingeætta.

Sistpå vert Beowulf bålført, og gautane reiser haug på eit nes ut mot sjøen.

Herdjerve menn kring haugen reid,
ættstore tignar, tolv i alt;
kvidesamt kvad dei, vilde kongen minnast,
heiderskvad segje, um hermannen tale,
kyte av hans mannsdygd; kjempeverka hans
høgt dei heidra.

Rytme og stil[endre | endre wikiteksten]

Kvædet følgjer stevlaget til vestgermansk fornyrdislag, om lag same stevlaget som i Voluspå. På gamalengelsk vart kvar line delt inn i to halvliner, med trykklette og trykktunge stavingar, som kunne delast inn på ulike vis. Dei trykktunge stavane var gjerne lange, og talemønsteret følgjer om lag mønsteret for engelsk uttale i dag. Professor Tolkien rekna opp fem ulike mønster for halvlinene, slik at kvar line steig og fall i ei naturleg bårerørsle. Dette skapte ei stor mengd variasjonar mellom linene.

Stavrimet følgjer same grunntanken, med to rim i første halvline mot eit i andre, som regel:

Bát under béorge. Béornas géarwe
on stefn stigon. Stréamas wúndon.

I den norske omsetjinga er talet på stavrim meinka frå tre til to av stiltekniske årsaker:

Høyr! - vi frætte frå farne dagar
Heiders dådverk av dene-kongar,
Høgætta menner mannsdåd øvde.

Beowulf-kvædet er ofte stilt saman med fragmentet Freswæl eller Striden om Finnsborg, på 49 liner, som tek for seg ei hending som òg er attgjeven i sjølve kvadet. Denne soga nemner Hengest, som seinare vart konge i Kent, og korleis han drap kong Finn av Frisland.

Ytre soge[endre | endre wikiteksten]

Det finst i dag berre ei originalhandskrift av dette kvadet. Det er teke vare på i British Museum, og er kalla Vitellus A XV. Dette handskriftet var opphavleg i samlinga til Sir Robert Cotton, og nemnt midt på 1600-talet. Herifrå vart det flytt til Ashburnham House om lag 1700, og vart sovidt berga unna ei stor brann i 1735. Etter dette vart det lagt vinn på å restaurere teksta, av di ho var ille medfaren i brannen. Seinare har forskarane òg nytta mykje tid på å drøfte kva som i røynda gjekk tapt.

I 1786 vart det gjort to avskrifter som i dag kan finnast i Det kongelige bibliotek i København. Elles vart handskriftet oppfotografert i 1882 og gjeve ut som faksimile.

Det opphavlege handskriftet er rekna til å vera frå om lag 1000. Det er to avskrivarar som har vore saman om teksta, den eine vert avløyst av den andre ved line 1939. Henrik Rytter skriv at ingen av desse var særs kunnige, og difor er det grunn til å sjå meir grundig på teksta. Mange stader har det snike seg inn skrivefeil, noko professor Tolkien var svært klår over og medveten om. J.R.R. Tolkien la ned eit livslangt arbeid i dette kvadet, og skreiv mange artiklar om det. Han er rekna som ein av dei største Béowulf-kjennarane i nyare tid. Mykje av stoffet frå diktet har felt seg inn i diktverka hans. Fleire scener i Ringdrotten er rekna som nært inspirerte av Beowulf. Særskilt bolkane i Rohan tykkjest vera skyldte.

Den mest kjende og nytta omsetjinga til norsk kom i 1929 og var ved Henrik Rytter. Alle omsette utdrag er henta frå denne utgåva. Rytter tok til med ei fri omsetjing av kvædet alt i 1907. Han skriv at dette omsetjingsarbeidet var heller vanskeleg, men «som det foreligg er det so bra som eg kan makte det.» Han arbeidde tett med professor Aksel Olrik om prosjektet, til denne døydde noko før verket var ferdig.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Beowulf, Det norske samlaget (1929), omsett av Henrik Rytter. Forordet til utgåva ved Henrik Rytter.
  • J.R.R. Tolkien: Béowulf: The Monsters and the critics (1936), on translating Béowulf (1940).
  • J.R.R. Tolkien: Finn and Hengest, forelesningsnotat utgjeve 1982.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Béowulf