Berg arbeidskyrkje i Brunlanes
Berg arbeidskyrkje | |||
kyrkje | |||
Berg arbeidskyrkje
Foto: Jan-Tore Egge | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Tunsberg | ||
Prosti | Larvik | ||
Sokn | Larvik | ||
Fellesråd | Larvik | ||
Type | Arbeidskyrkje | ||
Arkitekt | Børve og Borchsenius ved Reidar Aasen | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Teglstein | ||
Innvigd | 27. januar 2007 | ||
Kyrkjegard | Nei | ||
Sitjeplassar | 350[1] | ||
![]() Berg arbeidskyrkje i Brunlanes | |||
Wikimedia Commons: Berg arbeidskirke (Brunlanes) | |||
Berg arbeidskyrkje er ei arbeidskyrkje i Brunlanes (no Larvik kommune) i Vestfold og Telemark fylke.
Berg trekyrkje hadde stort behov for oppussing på 1970-talet, men ikkje alt vart gjennomført. I staden vart det arbeidd for å byggje ei ny arbeidskyrkje. Etter forseinkingar i samband med kommunesamanslåinga mellom Larvik og Brunlanes kom det fortgang i planane rundt tusenårsskiftet, og arbeidskyrkja vart oppført på Søndersrød i utkanten av Helgeroa, med vigsling 27. januar 2007.
Arbeidskyrkja er hovudsakleg forblenda med teglstein utvendig, medan stopulen er ein trekonstruksjon. Sjølve kyrkjesalen er kvadratisk og har ein takkonstruksjon av limtre. Rommet er møblert med lause stolar.
Arbeidskyrkja har i stor grad teke over som gudstenestekyrkje etter trekyrkja. Det er ikkje kyrkjegard ved arbeidskyrkja. Gravferder skjer fortsatt ved trekyrkja.
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Ifølge kyrkjeleg fellesråd. Elles varierer overslaga frå 200 på Kyrkjesøk til 600 på iBrunlanes.no.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Børve og Borchsenius om kyrkja
- «Berg arbeidskyrkje i Brunlanes». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Larvik kyrkjelege fellesråd
- iBrunlanes.no
- Tunsberg bispedømme om Berg-kyrkjene
- Denne artikkelen bygger på «Berg arbeidskyrkje i Brunlanes» frå Wikipedia på bokmål, den 29. juli 2014.