Berg trekyrkje i Brunlanes
Berg trekyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Mahlum | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestfold og Telemark | ||
Kommune | Larvik | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Tunsberg | ||
Prosti | Larvik | ||
Sokn | Larvik | ||
Fellesråd | Larvik | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Henrik Nissen | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1878 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Altartavle | Frå 1580 | ||
Sitjeplassar | 305 | ||
![]() Berg trekyrkje i Brunlanes | |||
Wikimedia Commons: Berg trekirke | |||
Berg trekyrkje er ei langkyrkje frå 1878 i Brunlanes (no Larvik kommune) i Vestfold og Telemark.
På slutten av 1800-talet var Berg steinkyrkje for lita og i dårleg stand, og det vart vedteke å byggje ny kyrkje. Kyrkja vart teikna av Johannes Henrik Nissen, oppført av byggmeister Mathias Olsen frå 1875 og innvigd i 1878. Ho har vesttårn, og koret i aust er polygonalt avslutta og har sakrsiti på kvar side.
Kyrkja går for å vere den største trekyrkja i Larvik kommune, men overslaga over talet på sitjeplassar varierer.[1]
Altartavla er frå 1580 og vart overført frå steinkyrkja, som vart riven etter at trekyrkja var innvigd (for så å bli gjenreist seinare). Preikestolen ser ut til å vere på alder med kyrkja.
På 1970-talet vart det avdekka skadar på trekyrkja, og det vart sett av midlar til istandsetjing. Ikkje alle reparasjonane vart faktisk utført. I staden vart det arbeidd for å oppføre ei arbeidskyrkje, som vart innvigd i 2007. Denne har for ein stor del teke over som gudstenestekyrkje.
Kyrkjegarden er framleis i bruk, og den nye arbeidskyrkja har ingen kyrkjegard.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 554. ISBN 82-7527-022-7.
- «Berg trekyrkje i Brunlanes». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Lokalhistoriewiki
- iBrunlanes.no
- Berg trekyrkje i Brunlanes i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 305 ifølgje Larvik kyrkjelege fellesråd, som viser til brannforskrifter. Eldre overslag opererer med 500.
- Denne artikkelen bygger på «Berg trekirke» frå Wikipedia på bokmål, den 5. januar 2014.