Berg steinkyrkje i Brunlanes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°59′34.804″N 9°55′8.5440″E

Berg steinkyrkje
kyrkje
Larvik Berg gamle kirke.jpg
Foto: Mahlum
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Tunsberg
Prosti Larvik
Sokn Larvik
Fellesråd Larvik
Type Langkyrkje
Periode Romansk
Teknikk Mur
Material Naturstein (tre øvst i vestgavlen i skipet)
Innvigd Ca. 1100 og 13. september 1970
 - Endringar Restaurert 1592, riven 1882, gjenreist 1970
Kor 5 m x 5 m
Skip 11 m x 8 m
Preikestol 1592
Sitjeplassar 122[1]
Wikimedia Commons: Berg steinkirke

Berg steinkyrkje er ei langkyrkje i Brunlanes (no Larvik kommune) i Vestfold fylke).

Dateringa er usikker, men det er vanleg å datere kyrkja til omkring 1100. Kyrkja var prega av forfall før ho vart restaurert i 1592. Ho vart riven i 1882 etter at Berg trekyrkje hadde teke over som soknekyrkje, og gjenreist i 1970 etter planar av Finn Bryn.

Kyrkja vert nytta til bryllaup og konsertar og elles til nokre få gudstenester i året.

Rundt kyrkja finn ein gamle gravminne. Ellers vert kyrkjegarden ved trekyrkja nytta.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 554. ISBN 82-7527-022-7. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ifølgje Larvik kyrkjelege fellesråd
Spire Denne kyrkjeartikkelen som har med Vestfold å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.