Bergsliskorane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bergsliskorane er namnet på bustaden til kunstmålaren Nils Bergslien (1853–1928). Bustaden ligg om lag 1 km frå Eidfjord sentrum, og er i dag eit kulturminne eigd av Eidfjord kommune.

Tomta heitte opphavleg Kråkeskorane då Nils og Johanna Bergslien kjøpte henne i 1886. Kona hans, Johanna Myklatun frå Øvre Eidfjord fekk med seg ei gamal røykstove til tomta som vart kalla gamlastovo. Her budde ekteparet fram til 1890-talet, då våningshuset i sveitserstil vart sett opp. Nils Bergslien nytta Gamlastovo som atelier etter dette.

Etter at Bergslien døydde, budde det folk i huset fram til 1980-talet, mellom anna etterkomarane til Nils og Johanna. I 1978 kjøpte Eidfjord kommune bustaden til Bergslien, på folkemunne kalla Bergsliskorane med atelier, eldhus og bustadhus av son og sonekona hans Nils, Odd og Gjertina Bergslien. I skøytet står det mellom anna: «Den del av eigedomen som ligg mellom bergalaget og Simadalsvegen, og som omfattar bakken, skarvet og inntil 5.meter frå den gamle løa, (I daglegtala kalla Bergsliskorane) skal med påståande hus, solur og granittstøtta for all framtid takast vare på av kommunen som minne etter kunstmålaren Nils Bergslien.»

Eidfjord Kommune har i tillegg formulert at dei ynskjer at «huset skal vera ein kombinasjon av heidersbustad, museum og lokal kunst med Bergslien som hovudtema og senter for praktisk teoretisk kunststudium» i eit skriv frå 1987.

Sidan dei siste bebuarane i huset døydde, har Eidfjord kommune rusta opp bustaden etter antikvariske prinsipp. Bustaden framstår i dag med opphavleg fargeval og er innreidd med sengeplass til 4 personar. Tanken er at bustaden skal verta brukt som kunstnarbustad for kunstnarar som vitjar Eidfjord.

Eidfjord kommune eig òg ei målerisamling av Bergslien; Galleri Nils Bergslien i Eidfjord Sentrum.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]