Bernhard Essendrop
Bernhard Essendrop | |
![]() | |
Fødd | 21. desember 1812 |
Død | |
Yrke | prest, politikar |
Bernhard Essendrop på Commons |
Bernhard Ludvig Essendrop (21. desember 1812–13. mars 1891) var ein prest og stortingsmann frå Christiania.
Essendrop var son til ein kjøpmann. Sjølv vart han student frå Christiania katedralskole i 1830 og cand. theol. i 1834. Sidan var han nokre år vekselvis huslærar og privatlærar. I 1842 vart han lærar ved Christiania katedralskole. Sokneprest til Baklandet i Trondheim 1847-51 og i Strinda 1851-75. Til sist, 1875-83, stiftsprost ved kyrkjelyden til Domkyrkja i Trondheim.
Essendrop var stortingsmann 1862-66 og 1871-82. I 1862-63 var han medlem av kyrkjekomiteen og matrikkelkomiteen. Formann i kyrkjekomiteen 1865-66 og 1871-73. Han var president i Lagtinget 1872-73 og medlem av valkomiteen 1872-82. Dei tre periodane frå 1874 til -82 var han president i Stortinget, medlem av Lagtinget og formann i budsjettkomiteen. Han var medlem av deputasjonen til tusenårsminnet i Haugesund i 1872, og av deputasjonen til kongekroninga i Stockholm året etter.
Essendrop var i mange år ordførar i Strinda og forlikskommissær der i 24 år. I fleire år var han preses i vitskapsselskapet i Trondheim.
Etter han slutta som stiftsprost i 1883 flytta Essendrop til Christiania, døydde der i 1891.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Bernhard Essendrop NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1812
- Døde i 1891
- Norske prestar
- Stortingspresidentar
- Stortingsrepresentantar 1862-1864
- Stortingsrepresentantar 1865-1867
- Stortingsrepresentantar 1871-1873
- Stortingsrepresentantar 1874-1876
- Stortingsrepresentantar 1877-1879
- Stortingsrepresentantar 1880-1882
- Stortingsrepresentantar for Trondheim og Levanger
- Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag
- Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
- Ordførarar i Strinda
- Politikarar frå Oslo