Betty Davis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om songaren. For skodespelaren, sjå Bette Davis.
Betty Davis
Fødd26. juli 1944
FødestadDurham
Død9. februar 2022 (77 år)
DødsstadHomestead
FødenamnBetty Gray Mabry
OpphavUSA
Aktiv1973–1979
Sjangerpop, soul, funk, rock
Instrumentvokal
PlateselskapIsland Records
Verka somsongar, songar-låtskrivar, komponist, låtskrivar, modell
Gift medMiles Davis

Betty Davis (26. juli 19459. februar 2022), fødd Betty Gray Mabry, var ein amerikansk songar og låtskrivar. Ho var gift med jazzmusikaren Miles Davis.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Betty Davis var fødd som Betty Gray Mabry i Durham i Nord-Carolina i 1944.[1][2] Ho utvikla ei interesse for musikk då ho var rundt ti, og blei introdusert for forskjellige bluesmusikarar av bestemora, Beulah Blackwell, medan ho budde på garden hennar i Reidsville.[3] Då ho var 12 skreiv ho ein av dei fyrste songane sine, «I'm Going to Bake That Cake of Love».[4] Familien flytta til Homestead i Pennsylvania så faren, Henry Mabry, kunne arbeida på stålverket der, og Betty gjekk ut frå Homestead High School.[5] Ho bestemte seg for å satsa på ein karriere innan showbusiness etter å ha sett faren dansa som Elvis Presley.[3]

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Betty Davis flytta til New York i 1960-åra og arbeidde som modell og songar. Her møtte ho fleire andre musikarar, mellom anna Jimi Hendrix og Sly Stone.[6] Den musikalske karrieren hennar byrja gjennom ein vennskap med soulsongaren Lou Courtney, som skal ha produsert den fyrste singelen hennar, «The Cellar», sjølv om ekistensen til denne innspelinga er blitt sett i tvil.[7] Ho oppnådde ein kontrakt med Don Costa, som hadde skrive arrangement for Frank Sinatra.[3] Som Betty Mabry spelte ho inn «Get Ready For Betty»/«I'm Gonna Get My Baby Back» i 1964 for Costa sitt platemerke DCP International.[7] På rundt same tid spelte ho inn singelen «I'll Be There» med Roy Arlington for Safice Records, under gruppenamnet «Roy and Betty».[8]

Den fyrste profesjonelle suksessen hennar kom etter at ho skreiv «Uptown (to Harlem)» for Chambers Brothers. Albumet deira frå 1967 var ein stor suksess, men Mabry fokuserte no på karrieren sin som modell. Ho var vellukka som modell, men blei trøytt av arbeidet – «I didn't like modeling because you didn't need brains to do it. It's only going to last as long as you look good.»[9][10]

I 1968 var ho i eit tilhøve med Hugh Masekela, og spelte inn fleire songar for Columbia Records som var arrangerte av han.[11] To av desse songane blei gjevne ut som ein singel: «Live, Love, Learn»/«It's My Life». Kort tid etter å ha slått opp med Masekela blei ho saman med Miles Davis, og gifta seg med han i september 1968. I løpet av det eine året dei var gift hadde ho stor innverknad på Miles. Ho var meir enn berre framsidejente og ein songtittel i Miles Davis-albumet Filles de Kilimanjaro. Betty bidrog til å planta frøet til Miles sine framtidige eksperiment med å introdusera trompeten til psykedelisk rock-gitaristen Jimi Hendrix og funk-nyskaperen Sly Stone. Jimi sin vennskap med Miles hjelpte òg til å opne trompetspelaren for nye idear om jazz.

Ryktet seier at Jimi og Betty hadde eit forhold (noko Betty har nekta for) som skunda fram slutten på ekteskapet med Davis, men Jimi og Miles blei verande vennar, og i 1970 såg Miles kor hans og Jimis musikk kryssa kvarandre. Miles sitt album Bitches Brew endra jazzen ugjenkalleleg og leidde han inn i jazz-fusion. Ingen har snakka om kvar Miles fekk tittelen frå, men mange spekulerer i om ikkje Miles subtilt gav ein hyllest til kvinna, viss kryssande forhold spora til opphavet til albumet. Det er vanskeleg å seia kor mange av Betty sine songar som igjen var inspirerte av Miles. Han skreiv to dikt til henne og det er lett å førestilla seg at han er målet til Betty sitt ofte brukte og utvitydige «he».

Karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1973 kom det første albumet hennar, Betty Davis, ut. Det inneheldt imponerande tekstar og hadde ein funky stil med songar som «Anti Love Song». Betty Davis hadde ikkje suksess som songar. Den opne seksuelle haldninga hennar var kontroversiell på denne tida. Nokre av opptredenane hennar blei boikotta og songane hennar blei ikkje spelte på radio etter press frå religiøse grupper. Betty Davis gav ut to studioalbum til: They Say I'm Different (1974) og Nasty Gal (1975). Desse albuma blei heller ikkje kommersielle suksessar. Ho gav opp og vende tilbake til Pennsylvania. Materialet frå eit opptak i 1979 blei til slutt til to nye album: Hangin' out in Hollywood (1995) og Crashin' from Passion (1996). Eit samlealbum, Anti Love: The Best of Betty Davis, kom ut i 2000.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Plateselskap Merkand
196? The Cellar/??? Independent Release 1. singel, produsert av Lou Courtney
1964 Get Ready For Betty/I'm Gonna Get My Baby Back DCP 2. singel
1968 It's My Life/Live, Love, Learn Columbia 3. singel
1973 If I'm In Luck I Might Get Picked Up/Steppin In Her I. Miller Shoes Just Sunshine
1973 Ooh Yea/In The Meantime Just Sunshine
1974 Shoo-B-Doop And Cop Him/He Was A Big Freak Just Sunshine
1974 Git In There/They Say I'm Different Just Sunshine
1975 Shut Off The Lights/He Was A Big Freak Island


Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

År Album Plateselskap Merknad
1973 Betty Davis Just Sunshine

Light in the Attic (gitt ut på nytt i 2009)
1. studioalbum; produsert av Greg Errico
1974 They Say I'm Different Just Sunshine

Light in the Attic (gitt ut på nytt i 2009)
2. studioalbum; produsert av Betty Davis
1975 Nasty Gal Island

Light in the Attic (gitt ut på nytt i 2009)
3. studioalbum; produsert av Betty Davis
2009 Is It Love or Desire? Light in the Attic 4. album; spelt inn i 1976 og gitt ut 2009

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Betty Davis obituary». The Times. February 10, 2022. Henta February 11, 2022. 
  2. Mervis, Scott (July 22, 2019). «Betty Davis, a funk icon living in Homestead, releases first song in nearly 40 years». Pittsburgh Post-Gazette. Henta July 22, 2019. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Maycock, James (February 2005). «Betty Davis: She's Gotta Have It». MOJO. Henta February 10, 2022 – via Rock's Backpages. 
  4. McDonnell, Evelyn (2018). Women Who Rock: Bessie to Beyonce. Girl Groups to Riot Grrrl. New York: Black Dog & Leventhal. ISBN 978-0316558877. «She penned her first song 'I'm going to bake that Cake of Love' when she was 12 years old.» 
  5. Tiller, Joe (February 10, 2022). «Betty Davis, Funk Pioneer, Dies Aged 77». Dig!. Henta February 10, 2022. 
  6. Crowhurst, Anna-Marie (March 7, 2018) "Forgotten Women: The taboo-smashing queen of funk", Stylist.co.uk. Retrieved February 10, 2022
  7. 7,0 7,1 "Betty Mabry: 'Get Ready for Betty'", On the Record, November 8, 2011. Retrieved February 10, 2022
  8. Charles Waring, "Betty Davis RIP", Soul&Jazz&Funk, February 10, 2022. Retrieved February 10, 2022
  9. Wang, O., liner notes to They Say I’m Different, Betty Davis, Just Sunshine – JSS-3500, LP, 1974.
  10. Wang, O., "The Music and Mystique of Betty Davis—Read the Liner Notes to the Funk Singer’s Debut LP", vinylmeplease.com, June 22, 2017.
  11. Patrin, Nate (15. juli 2016). «The Columbia Years 1968-69». Pitchfork. Henta 11. februar 2022.