Shake, Rattle and Roll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shake, Rattle and Roll
Singel av Big Joe Turner
B-side

«You Know I Love You»

Språk engelsk
Utgjeve April 1954
Innspelt New York
15. februar 1954
Sjanger Jump Blues, Rhythm and Blues
Lengd 2:59
Selskap Atlantic (Cat. no. 1026)
Komponist Jesse Stone
Tekstforfattar Jesse Stone
Låtskrivar(ar) Charles E. Calhoun aka Jesse Stone
Big Joe Turner-kronologi 
«TV Mama»
(1954)
Shake, Rattle and Roll «Well All Right»
(1954)


«Shake, Rattle and Roll» er ein av dei første rock and roll-songane i 12-taktsbluesform. Han vart skrive i 1954 av Jesse Stone under namnet Charles E. Calhoun. Han vart først spelt inn av Big Joe Turner, men Bill Haley & His Comets oppnådde større suksess med songen.

Opphavet[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i 1954 føreslo Herb Abramson i Atlantic Records at Stone skulle skrive ein livleg bluessong for Big Joe Turner, ein blues shouter som starta karrieren sin i Kansas City før den andre verdskrigen. Stone lekte med forskjellige frasar før han kom opp med «shake, rattle and roll».[1]

Frasen hadde derimot vorte nytta i tidlegare songar. I 1919 spelte Al Bernard inn ein song om terningspel med same tittel song, som tydelegvis omhandla det å trille terningar.[2] Frasen vart òg høyrd i «Roll The Bones» av Excelsior Quartette i 1922.

Originalen til Big Joe Turner[endre | endre wikiteksten]

Turner sin versjon av vart spelt inn i New York 15. februar 1954. Det Det ropande koret i versjonen hans bestod av Jesse Stone, og styremedlemmene Jerry Wexler og Ahmet Ertegün i plateselskapet. Saksofonsoloen er av Sam «The Man» Taylor. Turner si utgåve vart gjeve ut i april 1954 og nådde 1. plass på R&B-lista til Billboard den 12. juni, men nådde ikkje opp på poplista.

Songen hadde ein seksuelt lada tekst. Den kanskje mest vellystig tekstlinja var «I've been holdin' it in, way down underneath / You make me roll my eyes, baby, make me grit my teeth». På plata uttalte Turner teksten «holdin' it in» utydeleg sidan dette vart rekna som for vågalt for publikum. På same måte som «rock and roll» er «shake, rattle and roll» ein referanse til seksuelt samleie.

Bill Haley sin versjon[endre | endre wikiteksten]

Bill Haley & His Comets' sin versjon av songen vart spelt inn 7. juni 1954, same veka som Turner sin versjon toppa R&B-lista. Versjonen vart spelt inn med Johnny Grande (piano), Billy Williamson (steelgitar), Marshall Lytle (bass) og Joey Ambrose (saksofon). Danny Cedrone, ein studiomusikar som ofte spelte for Haley, spelte gitarsoloen, men det er usikkert kven som spelte trommer. Fleire musikkbøker nemner Panama Francis, ein kjend jazztrommis som arbeidde for Haley sin produsent, Milt Gabler, men i brev i 1980-åra skriv Gabler at det var Billy Gussak. Bill Haley sin eigen trommeslagar, Dick Richards, spelte ikkje på denne innspelinga, men kan ha medverka med kor på B-sida, «A.B.C. Boogie». Innspelinga var den siste Cedrone medverka på sidan han døydde berre ti dagar seinare.

Haley sin versjon hadde ein omskrive tekst som var mykje glattare og «ufin» for å tilpasse seg det kvite publikummet. Han hadde òg eit meir popaktig arrangement og mindre blues-aktig. Der Turner si utgåve hadde starta med «Get out of that bed and wash your face and hands, / Get out in the kitchen; make some noise with the pots and pans», starta Haley si utgåve med «Get out in that kitchen and rattle those pots and pans / Roll my breakfast 'cause I'm a hungry man». Oppreinskinga av teksten fjerna stort sett alle seksuelle referansar og linjer som «the devil in nylon hose», «you make me roll my eyes, baby make me grit my teeth» og «you wear those dresses, the sun comes shining through». Den mest utfordrande tekstlinja i Turner sin versjon var «I'm like a one-eyed cat, peeping in the sea food store», der «one-eyd cat» er ein referanse til det mannlege kjønnsorganet og «the sea food store» det kvinnelege. Men denne tekstlinja vart ståande i Haley si utgåve, medan den neste linja «I can look at you 'n' tell you ain't no child no more» vart endra. Haley var blind på eine auga, så dette kan ha vore årsaka til at linja fekk stå.

Begge innspelingane vert rekna som klassikarar. Haley sin versjon er raskare og lysare og passar definisjonen av rock and roll som ei blanding av country og rhythm and blues. Haley hadde starta karrieren sin som countrymusikar, medan Turner var ein blues shouter. Turner sin versjon var råare og meir sexy. Skilnadane mellom dei er at Turner sin rhythm and blues-versjon var meint for vaksne (hovudsakleg svarte), medan Haley sin rock and roll-versjon var meint for tenåringar (mange av dei kvite).

Elvis Presley sin versjon[endre | endre wikiteksten]

Shake, Rattle And Roll
Singel av Elvis Presley
B-side

«Lawdy Miss Clawdy»

Språk engelsk
Utgjeve 1956
Sjanger Rock and roll, rockabilly
Lengd 2:27
Selskap RCA Victor
Komponist Jesse Stone
Tekstforfattar Jesse Stone
Elvis Presley-kronologi 
«Don't Be Cruel»

(1956)

Shake, Rattle And Roll «Blue Suede Shoes»

(1956)


Elvis Presley spelte inn songen to gonger, i 1955 som ei demoinnspeling for Sun Records (først gjeve ut i 1990-åra) og i 1956 som ein singel for RCA Victor. Han vart derimot ikkje ein stor hit. Begge versjonane til Elvis nytta Turner sin originale tekst kombinert med arrangementet og det raskare tempoet i Haley sin versjon.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt inn «Shake, Rattle and Roll» er Arthur Conley, som fekk ein hit med songen i 1968, The Beatles, Johnny Horton, Swinging Blue Jeans, Fats Domino, Chuck Berry og Huey Lewis and the News.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nick Tosches, Unsung Heroes Of Rock 'n' Roll (2nd ed. 1991), s. 12-21.
  2. http://cylinders.library.ucsb.edu/mp3s/5000/5974/cusb-cyl5974d.mp3 Arkivert 2007-10-30 ved Wayback Machine. Al Bernard sin song - lydfil.