Randy Meisner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Randy Meisner

Fødd8. mars 1946 (78 år)
FødestadScottsbluff i Nebraska i USA
Død26. juli 2023
DødsstadLos Angeles
FødenamnRandy Herman Meisner
Alias«Meis»
OpphavUSA
Aktiv1961 til i dag
SjangerRock, countryrock
Instrumentbass, vokal, gitar, gitarrón
Kjende instrumentFender Precision Bass
Rickenbacker 4001S
Fender Jazz Bass
Tilknytte artistarEagles, Poco, Ricky Nelson, Linda Ronstadt
PlateselskapAsylum, Epic, Rev-Ola, York
Verka somMusikar, låtskrivar
Gift medLana Meisner

Randy Herman Meisner (fødd 8. mars 1946) er ein amerikansk musikar og songar-låtskrivar, mest kjend som medlem av Poco og Eagles, begge frå starten av. Gjennom karrieren sin har Meisner hovudsakleg vore bassist og korvokalist. Han er mest kjend for Eagles-songen «Take It to the Limit», so han song og var med å skrive.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Meisner var med på å starte eit band kalla the Dynamics (seinare the Drivin' Dynamics) i 1961, der han var vokalist og bassist. Seint i 1962 hadde dei spelt inn den første plata si, produsert og gjeve ut av dei sjølv. Dette var ei utgåve av Sam Cooke sin «You Send Me», sungen av Meisner.

I 1966, etter at the Dynamics stadig hadde fått eit større publikum frå Nebraska til Oklahoma og Texas, slutta Meisner i gruppa for å bli med i eit anna band kalla the Soul Survivors, som seinare flytta til Los Angeles og byta namn til the Poor. Dei andre medlemmane i bandet var mellom andre Allen Kemp og Patrick Shanahan. Dei var seriøse nok til at dei fekk merksemd frå Warner Bros.-etiketten Loma Records og Decca, som begge gav ut fleire folkrock-plater med the Poor utan suksess.

I 1968 hadde Meisner flytta seg bort frå folkrock og inn i meir countryaktig musikk og følgde denne bølgja som no sveipa over California. Han vart med i eit band som først heitte Pogo og som seinare fekk namnet Poco, organisert av Richie Furay og Jim Messina etter at det førre bandet deira, Buffalo Springfield, vart oppløyst. Poco låg an til å bli eit av dei mest populære nye banda i Los Angeles på fleire år, og spelte særs populære konsertar, og var ein del av kontraktsspelet til David Geffen om å få Crosby, Stills & Nash over på Atlantic Records. Samstundes byrja Meisner å krangle med Messina og Furay, og han enda opp med å slutte i gruppa før dei hadde vore skikkeleg i studio. Poco debuterte so ein kvartett, der Meisner vart erstatta av Timothy B. Schmit.

Meisner drog vidare til Rick Nelson-bandet Stone Canyon Band, der dei tidlegare bandkollegaene frå Poor, Kemp og Shanahan, hadde enda opp. Han spelte òg med mange andre artistar på denne tida, og ei tid spelte han i bandet til Linda Ronstadt, både i studio og på scenen. Dei andre som spelte i bandet til Ronstadt var mellom andre Don Henley, Glenn Frey og Bernie Leadon og saman danna dei fire Eagles i 1972. Dei vart eit av dei mest populære banda i 1970-åra og gav ut nokre av dei mestseljande albuma gjennom tidene.

Den lyse harmonistemma og bassen til Meisner var ein del av kjernen i stilen til Eagles og han skreiv fleire av songane deira, mellom anna «Take the Devil» på debutplata. Sjølv om det var Frey, Henley og Leadon som skreiv dei største hittane dei første tre åra, var songane til Meisner medverkande til dei høge salstala for albuma deira.[1] Han skreiv òg hitten deira «Take It to the Limit» i 1975. Dei neste to åra vart han i aukande grad desillusjonert med gruppa og etter ein turné i 1977 valde Meisner å slutte i Eagles. Han vart erstatta av Tim Schmit, som òg hadde erstatta han i Poco.

Han drog attende til Nebraska for å kvile seg og så starte opp att musikkarrieren sin med soloalbum. «Bad Man» frå den plata vart nytta i filmen FM (1978) og vart spelt inn med Linda Ronstadt. Meisner fekk hitsinglar med «Hearts on Fire» og «Deep Inside My Heart», og har halde fram som soloartist, i tillegg til å vere medlem i countryrockbandet Black Tie, som fekk ein hit med ein versjon av Buddy Holly-songen «Learning the Game». I nyare tid har han spelt med World Classic Rockers og spelt på innspelingar med mellom andre Joe Walsh, Dan Fogelberg, Richie Furay, Richard Marx, Bob Welch og James Taylor.

I 1989 kom han attende til Poco, og spelte inn albumet Legacy. Han spelte igjen med Eagles i 1998, då bandet vart innlemma i Rock & Roll Hall of Fame.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Album US
1978 Randy Meisner #204
1980 One More Song #50
1982 Randy Meisner #94
2002 Dallas
2005 Love Me or Leave Me Alone

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Liste Plassering
1975 «Take It To The Limit»
(med Eagles)
Adult Contemporary 4
Pop Singles 4
1980 «Deep Inside My Heart»
(duett med Kim Carnes)
Pop Singles 22
1981 "Hearts on Fire" Mainstream Rock 14
Pop Singles 19
1982 «Never Been in Love» Pop Singles 28
1990 «Nothin' To Hide»
(med Poco)
Adult Contemporary 10
Pop Singles 39
1990 «Nature of Love»
(med Poco)
Adult Contemporary 10

Kjelder[endre | endre wikiteksten]