Bjølleslåtten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«Bjølleslåtten» er ein springar som skal høyre heime på Voss. Slåtten er tett knytt til bryllaupstradisjonen, både på Voss og i Valdres.

Bruk i tradisjonen[endre | endre wikiteksten]

I gamal tid var det skikk at brureparet rei til kyrkja. På hestane vart det fest ein klave med tre små klokker på kvar side, og ein stor midt under. Desse klokkene vart stemde i ein durtreklang. Spelemannen stilte fela si etter desse klokkene, slik at fela og klokkene let godt saman. Til vanleg gjekk hestane i tråv, og denne rytmen høvde godt med ein springar. Felestillet vart då A-E-A-Ciss (trollstilt). Difor er slåtten og kalla «Ridareslåtten» (av rittet). (etter Arne Bjørndal). Om slåtten skal koma til si rett, skal han spelast saman med bjøllene (Bjarne Ljones).

I Valdres vart slåttar av denne typen kalla grålysingsslåttar, og vart nytta når det tok til å lysne av dag, og folk trøytna av dansen. Felestillet var teke ved for å friske på dansen.

Arne Bjørndal nytta mykje denne slåtten i konsertane sine, og spela han og stilrett i mange bryllaup han var spelemann i.

I nyare tid var slåtten grunnlag for fanfaren som vart nytta under OL på Lillehammer i 1994.

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

Slåtten er for det meste skrive opp på Voss. Kjelda til slåtten skal vera Nils Rekve, som lærte han bort til Sjurd Liland, far hans Ola Mosafinn. Ein variant er og skriven opp etter Sjur Helgeland.

  • b: Bjølleslåtten, etter Ola Mosafinn, Voss. Nedskrift Arne Bjørndal (Bjørndal nye slåttar nr 18).