Bjørn Grimnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjørn Grimnes
Fødd 24. september 1950
Kongsberg
Yrke spydkaster

Bjørn Grimnes (fødd 24. september 1950) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar som representerte Kongsberg Idrettsforening. Han deltok i spydkast, ei øving han i perioden 1972-78 vann tre NM-gull i. Hans fremste internasjonale resultat var femteplassen i dei olympiske sommarleikane 1972.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Grimnes var i noregstoppen allereie i 1970-essongen, med 77,42 meter var han nummer to på årsstatistikken og tok òg sølv under friidretts-NM. Året etter forbetra han den personlege rekorden til 78,62 m.

Gjennom 1972-sesongen hadde han stor framgang. Under Bislett-leikane kasta han heile 84,70 m og vann føre ein så dyktig spydkastar som Miklós Németh frå Ungarn som oppnådde 84,06 m. Einast Terje Pedersen og Egil Danielsen av norske spydkastarar hadde då betre personbeste enn Grimnes. Grimnes deltok så i september 1972 i sommar-OL i München, der han kvalifiserte seg til spydfinalen som tolvte- og sistemann. I finalen heva han prestasjonane og kom på femteplass etter eit lengstekast på 83,08 meter, mindre enn halvannan meter bak bronsemedaljøren. Gull- og sølvvinnarane Klaus Wolfermann og Jānis Lūsis var i ei klasse for seg med høvesvis 90,48 m og 90,46 m.

Grimnes vart noregsmeister i spydkast i 1972, 1973 og 1978. Han pynta på den personlege rekorden då han nådde 84,90 m i 1973. I 1976 vart han nummer fjorten i dei olympiske leikane i Montreal.

Han sette personleg rekord i juni 1978 i med 88,32 m.

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1970: Sølv – 73,74 m, bakom Arve Olsson (78,02 m)
  • 1971: Bronse – 75,22 m
  • 1972: Gull – 84,70 m, framom Jan Pedersen (73,72 m)
  • 1973: Gull – 75 ,90 m, framom Harald Lorentzen (75,74 m)
  • 1977: Bronse – 72,24 m
  • 1978: Gull – 82,70 m, framom Terje Thorslund (79,14 m)
  • 1979: Bronse – 77,52 m
  • 1980: Bronse – 79,80 m

Kjelder[endre | endre wikiteksten]