Bjørn Myhre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjørn Myhre
Bjorn Myhre.jpg
Fødd 18. juli 1938
Time
Død

28. september 2015

Yrke arkeolog, professor

Bjørn Myhre (18. juli 193828. september 2015), fødd i Time, avliden i Levanger, var ein norsk arkeolog.

Myhre tok magistergraden i arkeologi i 1964 ved Universitetet i Bergen med avhandlinga Jernalderens bosetningsutvikling i Høyland fjellbygd. Deretter var han tilsett som konservator ved Stavanger Museum frå 1965 til 1968, og frå 1968 som fyrstekonservator ved Historisk museum i Bergen. Han var professor i arkeologi ved Universitetet i Oslo frå 1985 til 1993, direktør for Arkeologisk museum i Stavanger frå 1993 til 1998, og deretter seniorforskar ved museet fram til 2011.

Myhre stod sentralt i skipinga av tidsskriftet Norwegian Archaeological Review i 1968, og var i fleire år sjefsredaktør i tidsskriftet. Han var forfattar eller medforfattar av fleire viktige bøker om norske arkeologiske funn og om samfunnstilhøve i forhistorisk tid.

Bøker av Bjørn Myhre i utval[endre | endre wikiteksten]

  • Før Viken ble Norge : Borregravfeltet som religiøs og politisk arena. (I serien Norske oldfunn, band XXXI.) [Tønsberg] 2015: Vestfold Fylkeskommune. ISBN 978-82-8084-202-2
  • Jorda blir levevei : 4000 f.Kr.-1350 e.Kr., saman med Ingvild Øye, band 1 i Norges landbrukshistorie, Oslo 2002. ISBN 82-521-6009-3
  • Osebergdronningens grav : vår arkeologiske nasjonalskatt i nytt lys, saman med Arne Emil Christensen og Anne Stine Ingstad. Oslo 1992: Schibsted. ISBN 82-516-1423-6
  • Forhistorien : fra jegergrupper til høvdingsamfunn, saman med Bente Magnus, fyrste bandet i serien Norges historie, redaktør Knut Mykland. ISBN 82-02-15315-8

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]