Bjørn Spydevold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjørn Spydevold
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. september 1918
Sarpsborg kommune
Død

30. mars 2002 (83 år)
Sarpsborg kommune

Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Bjørn Anker Spydevold (8. september 191830. mars 2002) var ein norsk fotballspelar og seinare -trenar frå Sarpsborg. Han spelte for både Sparta, Fredrikstad FK og Greåker IF i norsk toppfotball og trente seinare dei to sistnemnde klubbane, samt Sarpsborg Fotballklubb frå fødebyen. Spydevold vann ein AIF-tittel, to NM-gull og tre seriegull som spelar, og leia to ulike lag til NM-finalar. I åra 1945-53 spelte han 37 landskampar, dei fleste på defensiv midtbane som såkalla winghalf. Han var far til dei landskjende fotballspelarane Thor og Knut Spydevold.

Spelar[endre | endre wikiteksten]

Spydevold var medlem i Idrettslaget Sparta, eit lag som vann den norske arbeidarmeisterskapen (AIF) i fotball i 1938. Han var også med AIF-landskampar.

I 1939 flytta Spydevold til Fredrikstad og melde seg inn i Fredrikstad Fotballklubb. Han spelte 65 seriekampar og skåra 10 mål i periodane 1945-47 og 1948-54. Med FFK vann han Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1940 og Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1950, i den sistnemnde finalen skåra han eitt av måla då SK Brann vart send heim frå Oslo med 0-3-tap. Både i 1949, 1951 og 1952 var han med å vinne Hovudserien i norsk fotball.

Spydevold debuterte på Noregs landslag (NFF) 26. august 1945, og skåra sitt einaste landslagsmål då Noreg i sin fyrste landskamp etter verdskrigen tapte 2-4 mot Danmark i København. Fram til vårparten 1953 spelte han i alt 37 landskampar. Han deltok i Sommar-OL 1952.

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Sesongen 1947/48 spelte Spydevold i Greåker Idrettsforening, der han frå 1954 til -58 var spelande trenar. Han var trenar i Greåker då laget rykte opp til Hovedserien 1958/59. Etter å ha trent Askim Idrettsforening, var han 1961-65 trenar i Sarpsborg Fotballklubb. SFK nådde cupfinalen 1964, og kom same sesongen på bronseplassen i 1. divisjon fotball for menn 1964. Deretter var Spydevold trenar i Fredrikstad FK 1966-67. I 1966 vann laget cupfinalen og enda på andreplass i 1. divisjon.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Seriemeister: 1949, 1951 og 1952 med Fredrikstad
  • Noregsmeister: 1940 og 1950 med Fredrikstad

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Magnus Breili: Fotballboken,1967.