Harald Maddadsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Maddadsson
Wfm lewis chessmen.jpg
Fødd1134
Død1206
TittelJarl av Orknøyane, Mormaer
Alle titlarJarl
FarMaddad
EktefelleHvarflod Macheth
BarnJon Haraldsson, David Haraldsson, Heinrik Haraldsson
Detalj av pergamentside frå folio 101v av GKS 1005 - Flateyjarbók, med teksten: jarl í Orkneyum.
Namnet til Harald Maddadsson jarl (Haʀalldz I(arls) Maddaðar s(sonar)), slik det er skrive i handskriftet Eirspennil (AM47 fol).

Harald Maddadsson (Norrønt: Haraldr Maddaðarson, gælisk: Aralt mac Mataid) (ca. 11331206) var jarl på Orknøyane i omkring 68 år, frå 1138 til han døydde. I periodar styrte han saman med Ragnvald Kale Kolsson jarl, Erlend Haraldsson jarl og Harald Eiriksson jarl.

Dei eldste kjeldene[endre | endre wikiteksten]

Det meste av opplysningane om Harald Maddadsson jarl, finn ein i Orknøyingasoga[1] i kapittel 75 og utover. Han er òg omtala i soga om Haraldssønene[2] og soga om kong Sverre[3], og han er nemnt i ymse islandske, irske og skotske kjelder, t.d. i «Krønikene om Man og Sudrøyane»[4] (om «Harold son of Madadh»), og i krønika til John av Fordun[5].

Litt skotsk historie[endre | endre wikiteksten]

Den skotske kongen Malcolm II gifte bort dotter si til orknøyjarlen Sigurd Lodvesson (Sigurd Digre). Ei anna dotter var Bethoc, og hennar son vart den neste kongen i Skottland: kong Duncan I[6]. Sonen til Duncan, var Malcolm III (Máel Coluim mac Donnchada) med etternamnet «Canmore», som var konge i Skottland i tida 1058-1093. Dei neste kongane i Skottland var sønene til Malcolm III, den siste av dei var David I[7] som regjerte i tida 1124-1153. Sonesønene til kong David I var kong Malcolm IV[8] som regjerte i tida 1153-1165, og William I[9] som regjerte i tida 1165-1214, begge medan Harald Maddadsson var jarl på Orknøyane.

Kong Duncan hadde ein annan son, bror til kong Malcolm III, som var Máel Muire, og han var jarl (mormaer) av Atholl. Sonen til Máel Muire var Matad, jarl av Atholl, og han var «in rank, the most noble of all the Scots chieftains». Orknøyingasoga kallar han Maddad, jarl frå Atjoklar og opplyser òg at far hans var Melmare, som var bror til skottekongen Malcolm.

Litt før 1134 gifte Maddad seg med Margret, dotter til Håkon Pålsson orknøyjarl[10]. Margret spela ein sentral rolle i soga om Pål Håkonsson, halvbror hennar: omkring 1135, då Ragnvald Kale Kolsson vart jarl på Orknøyane, tok orknøyhovdingen Svein Åsleivsson Pål jarl til fange og førte han Margret, syster hans i Atholl. Orknøysoga har ikkje noko meir pålitande å fortelje om korleis det seinare gjekk med Pål jarl, anna enn at han aldri meir kom attende til Orknøyane.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Margret og Maddad hadde sonen Harald som var fødd omkring 1133[Note 1]. Morfar hans var altså orknøyjarlen Håkon Pålsson som døydde i 1123 og oldefaren på farssida var den skotske kongen Duncan I.

Harald Maddadsson vart først gift med Afreka, dotter til Duncan (Donnchad) I, jarl av Fife, og dei hadde borna Heinrik, Håkon, Helena og Margret. Seinare, truleg omkring 1168, vart han gift med Gormflaith (Hvarflöd), dotter til Malcolm MacHeth, jarl av Ross, og dei hadde seks born: Torfinn, David, Jon, Gunnhild, Herborga og Langlif[11].

Morbror til Harald var orknøyjarlen Harald Håkonsson (slettmæle) og Erlend Haraldsson var dermed syskenbarnet hans.

Gudrød Olavsson, konge på Man og Sudrøyane, var òg truleg syskebarnet til Harald, då ein reknar med at Ingebjørg Håkonsdotter, morsyster hans, var gift med kong Olav Bitling[4].

Harald Maddadsson blir jarl[endre | endre wikiteksten]

Kart som viser det norske jarleriket, med Orknøyane tett ved nord-kysten av Skottland, og Shetland (Hjaltland) legner nord.
Seglingstida mellom t.d. Shetland og Bergen, kunne med god bør vere berre litt over eit døgn.

Då han var fem år vart han send til Orknøyane og det vart gjort avtale om at han skulle fostrast opp hos Ragnvald jarl. Han fekk jarlsnamn og halvparten av Orknøyane, men Ragnvald jarl skulle styre for dei begge. Denne semja vart stadfest med eidar av dei «beste mennene på Orknøyane og frå Skottland»[12]. Hovdingen Torbjørn Klerk fylgde med til øyane, han hadde fostra Harald jarl og rådde mykje for han.

I Orknøyingsaoga (kap. 54) er det stadfest at Harald Håkonsson hadde Katanes[Note 2] i len av skottekongen og når Harald Maddadsson vart medjarl, var truleg ein av grunnane at ungguten hadde fått fornya lenet frå frenden sin, kong David[7] i Skottland. Ragnvald jarl fekk dermed ei legitim styring over mykje av det riket på "fastlandet" som dei tidlegare orknøyjarlane hadde rådd over. Harald Maddadsson fekk nok denne lensretten på grunn av faren sitt slektskap til dei skotske kongane, men òg gjennom ein viss arverett etter morfaren, Håkon Pålsson jarl. Det skulle vise seg at dette kom til å skape ei konflikt med éin som kanskje var nærare til å arve: Erlend Haraldsson, som var sonesonen til Håkon jarl.

Ein gong før 1151 gjorde Harald jarl, saman med Ragnvald jarl, ei ferd til Noreg for å vitje kong Inge Krokrygg (son til Harald Gille), kanskje for å avlegge truskapseidane sine (homagium). Truleg var det på denne turen at Ragnvald jarl fengde på ideen om å fare på jorsalferd.

Jarl åleine[endre | endre wikiteksten]

Då Ragnvald jarl sumaren 1152 drog på pilegrimsferd til Jerusalem, gav han riket i hendene på Harald Maddadsson jarl, som då var blitt om lag 20 år. Han er på den tida omtala som ein stor og sterk mann, ljot, men med godt vit. Hovdingen Torbjørn Klerk stod mest for landsstyringa, saman med han.

Ein sumar, etter at Ragnvald jarl var reist or landet, kom kom den norske kongen Øystein Haraldsson med ei stor hær til Orknøyane[13][14]. Han tok Harald jarl til fange på hamna utanfor Torså (Thurso)og kravde at han måtte løyse seg ut med tre merker gull. Harald jarl måtte òg gi riket sitt i hendene på kong Øystein og gjere eidane sine på at at han skulle vere hans mann. Skalden Einar Skulason dikta om dette i Eysteinsdråpa[15] (Norsk ometjing frå Noregs kongesoger):

Þrimr skútum tók þreytir
þann jarl drasils hranna;
hraustr gaf hræskúfs nistir
hǫfuð sitt frǫmum jǫfri.
Med skuter tre til fange
tok fyrsten den fræge jarl
Den djerve hovdingen sidan
sitt hovud hos kongen laut løyse

Dette hende omkring 1153 og i Skottland var då kong David I avliden og kong Malcolm IV var blitt ny konge. Etter den tida heldt Harald jarl seg i riket sitt på Orknøyane, og han var vel omtykt av dei fleste.

Kiving mellom syskenborna[endre | endre wikiteksten]

Erlend Haraldsson hadde vakse opp på garden til Frakokk Moddansdotter[16] i Sudrland og som son til Harald Håkonsson (slettmæle) meinte han å ha størst rett til Orknøyane. Han for til skottekongen Malcolm IV[17] og av han fekk Erlend styringa med halve Katanes, på deling med syskenbarnet Harald Maddadsson. Seinare drog han til Noreg og der fekk han lovnad frå kong Øystein om at han skulle ha den luten av Orknøyane «som Harald (slettmæle) jarl hadde hatt før». Erlend fekk støtte, mellom andre frå vikinghovdingen Anakol[Note 3] og frå hovdingen Svein Åsleivsson, og drog deretter til Orknøyane. Der gjorde han krav på halve riket av Harald jarl, men Harald sa nei. Orknøyingasoga (kap. 92) fortel då at det «for menn imellom frendane» for å freiste å kome fram til ei semje, men etter mykje strid og uro, enda det med at Erlend jarl la under seg alle øyane[18].

Harald jarl reiste då frå Orknøyane og drog aust til Noreg.

Ragnvald jarl kjem attende[endre | endre wikiteksten]

Ved juletider 1155 kom Ragnvald jarl attende til Orknøyane, og det vart då halde eit stemnelag i Kirkwall, der det vart gjort ei semje mellom han og Erlend jarl om deling av riket.

Våren etter kom Harald jarl òg attende til øyane, og hadde sju skip. Han fekk då høyre om det som hadde hendt og skjøna at ingen ting var etla åt han. Han for då til Torså[19], der han fann Ragnvald jarl og fekk drøfte stoda med han. Ein må kunne tru at Ragnvald jarl i røynda sette Harald høgare enn Erlend; kanskje såg han seg òg politisk betre tent med å Harald som medjarl. Det enda med at dei vart samde om å samle styrkane sine og fare imot Erlend jarl og Svein Åsleivsson. Fire neter før Simonsmesse[20] kom det til eit stort slag ved Skalpeid[21]. Erlend jarl fekk siger og mest alle mennene til Harald jarl og Ragnvald jarl vart drepne eller såra, men dei to greidde å røme til lands. Orknøyingasoga skildrar desse hendingane i kapittel 94, og der blir det òg fortal at Ragnvald jarl tok tilflukt på garden sin ved Knarrarstad[22]. Mennene til Erlend jarl kom dit, på leiting etter han, men skalden Botolv kvad då ei vise som villeia dei, og Ragnvald jarl vart redda.

Erlend jarl la seg seinare med flåten sin ved Damisøy[23]. Ei natt litt før jul i året 1156, medan Svein Åsleivsson var bortreist, kom Ragnvald jarl og Harald jarl på dei og drap Erlend jarl.

Etter dette, vart jarleriket på nytt delt mellom Ragnvald jarl og Harald jarl, men slik at Ragnvald rådde mest. Seinare forlikte dei seg med Svein Åsleivsson og samheldet mellom dei var seinare godt[24].

På nytt jarl åleine[endre | endre wikiteksten]

Etter av Ragnvald jarl vart drepen av Torbjørn Klerk i 1158, herska Harald Maddadsson jarl åleine over heile Orknøyriket, inklusive dei skotske områda på Katanes og Sudrland. Han var då blitt om lag 25 år gamal, og han var ein mektig hovding[25].

Det var stort vennskap mellom Harald jarl og Svein Åsleivsson. Håkon, sonen til Harald jarl, kom i fostring hjå Svein og var seinare med han på vikingferder til Sudrøyane og Irland. På ei slik ferd fall Svein Åsleivsson ved Dublin, truleg i 1171.

Orknøyingasoga fortel at Harald Eiriksson, sonen til Eirik Stagbrell og Ingerid Ragnvaldsdotter, drog til Noreg, og av den norske kongen Magnus Eiriksson skal han ha fått lovnad om jarlsnamn og styringa med halvparten av Orknøyane, slik morfar hans hadde hatt[Note 4]. Harald Eiriksson jarl vart sidan kalla «Harald Unge» og Harald Maddadsson jarl vart omtala som «Harald Gamle».

Konflikt med den norske kongen[endre | endre wikiteksten]

Sverre Sigurdsson var konge i Noreg i tida 1177–1202.
(Detalj frå skulptur i Nidarosdomen)

I byrjinga av 1190-åra samla det seg ein flokk vest i havet, som vart kalla «øyskjeggane». Dei starta eit opprør mot kong Sverre, som dei meinte var illegitim; i staden ville dei ha Sigurd, sonen til Magnus Erlingsson til konge. Leiarane for opprøret var lendmannen Hallkjell Jonsson frå BlindheimSunnmøre og Olav Jarlsmåg (jarlsmágr). Harald Maddadsson jarl gav dei støtte og hadde truleg interesse av at kong Sverre vart avsett, då han rekna med at på det viset ville Harald Eiriksson miste tilsagnet om å få del i Orknøyriket.

Opprøret enda med slaget i Florvåg i april 1194[26] der kong Sverre fekk siger og flåten til «øyskjeggane» vart mest utsletta[27]. Kong Sverre la mykje av skulda for opprøret på Harald Maddadasson jarl, og jarlen visst at han kunne vente seg represaliar. Våren etter reiste han, saman med biskop Bjarne Kolbeinsson, til Bergen for å ta imot den straffa som kong Sverre måtte finne høveleg. Konsekvensane vart store; kong Sverre tok heile Hjaltland frå jarlestyret og han sette sysselmenn på Orknøyane for å krevje inn halvparten av alle inntekter der, til kongen. Dette markerte byrjinga på eit nytt og meir direkte styringsregime mellom Noreg og jarleriket på Orknøyane.[Note 5]

Konflikt med den skotske kongen[endre | endre wikiteksten]

William I (the Lion) (Gælisk: Uilleam mac Eanraig) var skotsk konge i tida 1165-1214.

Heime på Orknøyane opplevde Harald jarl ei ny konflikt, denne gongen i høve til den skotske kongen. Han vart involvert i uro og maktkamp mellom skotske kongar og stormenn i Nord-Skottland, og Kong William I la for dagen ei vilje til meir direkte kontroll av dei skotske områda til orknøyjarlane[28]. Det er i denne samanhengen at den skotske kongen såg seg tent med å gi Harald Eiriksson (Harald Unge) styringa med halve Katanes, slik morfar hans, Ragnvald jarl, hadde hatt.

I 1196 leia Harald jarl ei styrke inn i jarledømet Moray, ved kysten av Moray Firth, og sonen Torfinn førte krig mot «kongens menn» ved Inverness[29]. Året etter (1197) kom hærstyrkane til kong William heilt nord til Thurso på nordkysten av Katanes. Harald jarl makta ikkje å halde slag med kongen, og måtte ut med store bøter.

I denne ufreden måtte Harald jarl stille sonen sin, Torfinn, som gissel, og han vart seindare blinda.

Harald Unge blir drepen[endre | endre wikiteksten]

Frå kong Sverre i Noreg hadde Harald Unge truleg fått stadfest sitt krav på halve Orknøyane, men det ser ut til at han heldt seg mest på Katanes. Der hadde han mange frendar, og han samla til seg mykje folk. Han sende menn til Harald Maddadsson jarl og kravde halvparten av øyane, men dei fekk tvert avslag. I 1198 kom det til eit oppgjer i eit stort slag[30] som truleg stod ved Wick ved nordspissen av Katanes[31][32]. Der fall Harald Eiriksson jarl og mange av hovdingane hans. Harald Maddadsson jarl la då under seg «heile Katanes» og for seinare attende til Orknøyane og kunne skryte av at han hadde vunne ein stor siger[33] .

Kong William likte dårleg at Harald jarl hadde drepe Harald Unge og teke styringa med Katanes, og han sende menn for å be om assistanse frå kong Ragnvald Gudrødsson[Note 6]Sudrøyane. Kong Ragnvald kom då med ei stor hær og la under seg heile Katanes. Medan dette stod på, heldt Harald jarls seg i ro ute på øyane. Straks etter at kong Ragnvald var reist attende til riket sitt, drog Harald jarl med sine hærstyrkar til Katanes og der let han folk få harde refsingar og la store bøter på sume, og han let alle «Katanesingar» sverje lydnad til seg. (Sjå nedanfor, om drapet på biskopen i Skarabolstad.)

Etter denne hendinga vart det gjort ei semje mellom Harald Maddadsson jarl og kong William (freden i Perth[34], truleg våren 1202). Harald jarl måtte rett nok betale ei ny bot til kongen, denne gongen på 2000 mark i sølv, men fekk etter dette behalde herredømet over Katanes, slik som det hadde vore før Harald Unge kom inn i biletet[35].

Dei siste fire åra av livet rådde han åleine og i fred over heile Orknøyriket, utan innblanding av nokon konge.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Harald Maddadsson jarl døydde på Orknøyane i 1206[36], 73 år gamal. I orknøyingasoga er det sagt om han, at han var ein av dei tre mektigaste orknøyjarlane, ved sidan av Sigurd Øysteinsson jarl og Torfinn Sigurdsson jarl. Han var godt likt av dei fleste og må ha vore både ein klok styrar og ein dugande krigar, men det vart òg sagt om han at han var uvanleg stor og sterk, stridlynt og hardlynt. I soga blir det særskilt nemnt at han var ein god ven med biskop Bjarne Kolbeinsson (1150-1123).

Han skilde seg frå dei tidlegare orknøyjarlane, av di han var den første som hadde både ei skotsk mor og ein skotsk far.

Etter han, vart sønene hans, Jon og David, sams jarlar over Orknøyane. Sonen Heinrik (Eanric mac Arailt mac Mataidh) skal ha blitt herskar over jarledømet Ross i Nord-Skottland.

Harald piner biskopen[endre | endre wikiteksten]

I samband med striden i år 1202 om herredømet over Katanes, er det i kapittel 112 i Orknøyingasoga skildra korleis Harald jarl (eller mennene hans) pinte og mishandla biskop Jon i Skarabolstad (Scrabster) på det verste. Handlinga verkar grotesk, og utypisk for den gamle jarlen, særleg då det handla om ein biskop. Ein av grunnane var truleg at denne biskopen hadde vore ein spion og informant for kong William, noko som gjorde Harald jarl rasande.

Ei anna forklaring var nok at biskop Jon hadde vore eit reiskap i kong William sitt maktpolitisk spel, ved å opprette eit av fleire skotske bispesete i Katanes-området for å redusere makta til biskopen i Kirkwall. Ei slik endring i det kyrkjelege maktapparatet betydde ei vesentleg svekking av orknøyjarlen si stilling i regionen. Harald jarl hadde ein legitim grunn til å straffe biskop Jon, etter det vi kan lese i eit brev frå pave Innocentius III i 1198[37]. Der blir biskopen på Orknøyane, Bjarne Kolbeinsson, gitt fullmakt til å straffe «biskop Jon av Katanes», fordi han ikkje ville betale skatt (Peterspenning) til kyrkja, ein skatt som pave Alexander III hadde pålagt Harald jarl å krevje inn.[Note 7]

Når kong William gjekk med på eit forlik som medførte at Harald jarl fekk behalde styringa av Katanes, var kanskje var det pavelege påtrykket ein medverkande faktor.

Referanseside Føregjengar O r k n ø y j a r l Etterkomar Tilleggsopplysningar
Orknøyjarlane Ragnvald Kale Kolsson
Samstyre med:
Erlend Haraldsson
Harald Maddadsson
Samstyre med:
Ragnvald Kale Kolsson
Harald Eiriksson (Unge)
Jon Haraldsson
Samstyre med:
David Haraldsson
-

Kjelder og utfyllande opplysningar[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Harald Maddadsson var tre år gamal i 1136, det året Pål jarl kom bort, slik det er sagt i Orknøyingasoga, kapittel 75.
  2. Katanes (norrønt: katanes) var eit norrønt namn på kystlandet der det piktiske folket «Cat» (Cait) budde. Over tid vart namnet endra til «Caithness». Det gæliske namnet for regionen, var «Gallaibh» som tyder «mellom dei framande».
  3. Orknøyingasoga (kap.92) fortel at Anakol var ein viking og ein hardhaus frå Sudrøyane. Han var Erlend jarl sin fosterfar og rådgjevar (raðgjafi).
  4. det har vore reist tvil om Orknøyingasoga tek feil når det blir fortalt at det var kong Magnus Erlingsson som gav Harald Eiriksson jarlsnamn. I historisk samanheng verkar det tvilsamt at Harald Eiriksson vart jarl så tidleg som før 1184, då kong Magnus døydde det året. Ei forklaring er kanskje at Harald fekk berre ein lovnad av kong Magnus, som ved et seinare høve (1196) vart stadfest av kong Sverre (ref.: P. A. Munch, Det norske folks historie, bind 7 side 37,38).
  5. Rett nok er det sagt i soga om Baglarane (Böglunga sögur) at straks kong Sverre var død, let Harald jarl drepe den norske sysselmannen og la Orknøyane og Hjaltland inn under jarlestyret, som det hadde vore før.
  6. Farfar til Ragnvald Gudrødsson var kong Olav Bitling Gudrødsson og farmor hans var Ingebjørg, dotter til Håkon Pålsson jarl.
  7. I det pavelege brevet blir Harald jarl omtala som «den noble mann, vår kjære son» (Dilectus filius nobilis vir araldus).

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
  2. Inges saga (Haraldssønnenes saga) heimskringla.no
  3. Sverres saga ved Dag Gundersen (Oslo 1967)
  4. 4,0 4,1 The Chronicle of Man and the Sudreys av P. A. Munch (1860) latin og engelsk tekst. Side 73 og 74.
  5. John of Fordun's Chronicle of the Scottish nation om Harald jarl side 270f
  6. Duncan I skotsk konge 1001-1040
  7. 7,0 7,1 David I skotsk konge 1124-1153
  8. Malcolm IV skotsk konge 1153-1165
  9. William I the Lion Skotsk konge 1165-1214
  10. Harald Maddadson, Earl of Orkney and Caithness, 1139-1206 av Patrick Topping i «The Scottish Historical Review»
  11. The Northern earldoms, kapittel 6.3
  12. Orknøyingasoga, kapittel 77
  13. Orknøyingasoga , kapittel 91
  14. Soga om Haraldssønene, kapittel 20
  15. Eysteinsdrápa av Einar Skulason (Skaldic Project)
  16. Frakark Maddadsdatter (Frakokk) NBL1 bind 4 (s.220)
  17. Malcolm IV «The Maiden» (konge 1153-1165)
  18. «The Northern Earldoms» side 186,187
  19. Torså: Thurso på nordkysten av Caithness
  20. Simonsmesse blir feira 28. oktober, slaget stod då 24. oktober
  21. Skalpeid er i dag Scapa
  22. Knarrarstad (Knarrarstaðir), truleg Knarston eller Knarstane ved Scapa
  23. Damisøy er i dag Damsay
  24. Orknøyingasoga, kapittel 100
  25. Orknøyingasoga, kapittel 105
  26. Islandske annaler 1194: Orrosta i Floro vagvm.
  27. Kong Sverre av Halvdan Koht (1952) side 101,102
  28. The Northern Earldoms kapittel 6.3
  29. The Northern Earldoms kapittel 6.3
  30. Orknøyingasoga, kapittel 109
  31. The Northern Earldoms, kapittel 6.3.1
  32. I Fagerskinna er nemnt: Harald jarl som fall i Vik.
  33. Orknøyingasoga, kapittel 109
  34. John of Fordun's Chronicle of the Scottish nation side 272
  35. The Chronicle of Man and the Sudreys av P. A. Munch (1860) latin og engelsk tekst. Side 84ff
  36. Islandske annaler 1206: Haralldr jarl døydde.
  37. Diplomatarium Norvegicum brev frå Pave Innocentius III (1198)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]