Blank-Ola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Blank-Ola, Opphavleg Ola Tolleivson Uppsata, var ein kjend handelskar og kjempekar frå Ål i Hallingdal om lag 1700. Han var fødd på garden Uppsata i Ål om lag 1668 eller 1669 og døydde på Villand i Hovet i Hol i 1724.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Ola var son av Tolleiv Olsson Skjerveim, som tok garden Uppsata etter far sin om lag 1673. Då faren døydde, fylgde Ola med mora til garden Myro, og vart ei tid kalla Ola Myre. Etter dette var han ei tid på Hamarsbøen før han endeleg vart gift med Ragnhild Ellingsdotter Villand, dotter av bygdehovdingen Elling Nilsson Villand. Ola sat på Villand til han døydde.

Ola gjekk med digre sylvspenne i skorne, lange knapperadir av sylvknappar i knebrok og trøye, sylvring i halsen, og ei pynteleg gild hattesylgje. Av all denne sylvglamen fekk han namnet Blank-Ola, fortel kjeldene. Ei kjelde fortel òg at han handla med sølv. I skiftet etter kona Ragnhild på Villand vart det rekna opp uvanleg mykje sølv etter han.

Blank-Ola handla over fjellet til Vestlandet, og stansa ofte på Kløkk. Der står det ein stein etter han, der han pla sitje og skrive kjøpebreva sine, med initialar og årstalet 1711. Slik var Ola rikare enn mange i Hallingdal på den tid. På Kløkk samla han hest, og dreiv dei vestetter til mellom anna Sogndal og Lærdal.

Segna om nevaslaget[endre | endre wikiteksten]

I Sogndal var det Ola kom utfor det han er mest kjend for. Dei fleste forteljingar om Ola minnest nevaslaget i Sogn. Rikard Berge gjev det att slik:

I Sogndal kom ei kjempe og vilde gjeva han stryk. Men Ola slo ihel kjempa på flekken. Sume seier han berre svimeslo han. Skrivaren la i ei bot på tre tjuge. «Nu mener jeg vi skal få knapperne ut av bukserne og spænderne av skoene på Blank-Ola!» sa skrivaren. Ola la upp pengane som ingenting var. «Ko kåsta ait nevaslag?» seier han. «Ti daler, min mann,» sa skrivaren. Ola svarpa skrivaren under bordet, gjorde hallingkast. «Enno sita spennudn' i skodno å knappadn i klæo på'o Blank-Ola!» sa han, drog so heim, tente halvfjorde tjuge den gongen.

Nokre variantar har og med replikkvekslinga mellom Ola og skrivaren:

Ko kosta ait nevaslag? spurde Ola.
Tie dalar, min mann, svara skrivaren.
Kann'n slå kem'n vil då? spurde Ola.
Ja, sa skrivaren, og Ola slo skrivaren ende ned.

Lars Reinton fører prov for at hendinga er best tidfest til Blank-Ola, sjølv om forteljinga er knytt til mange andre kjempekarar, frå Lista til Gudbrandsdalen.

Born og familie[endre | endre wikiteksten]

Ola hadde tre lausungar før han gifte seg, den første kom i 1704, med Birgit Aslesdotter Gjivsjord. I 1714 fekk han ein son med Ragnhild Villand, som han gifte seg med, og same året fekk han eit barn med Kari Olsdotter Mehus. For lausungane sine laut Ola bøte til lensmannen i Ål fleire gonger, og lensmannen var støtt etter han med søksmål. I 1707 vart han etterlyst av di han ikkje hadde gjort opp for mora til ungen, Birgit Aslesdotter. Ho sat på vatn og brød nett same tida for å ha fødd «i dølgsmål».

Neste gong dette hende var mora nett Ragnhild Villand, og no laut Ola betale leigemål eller gifte seg med ho. Tinget på Leksvol skreiv ned: «Ole Tollefsen og Ragnil Ellingsdatter Villand efter prestens attest vil de ægte hin anden hvilchet hd og ny for retten vedstaar saa snart hd faaer hendes forædris samtøche til at ægte hende». Soleis vart det. Men Elling, far hennar Ragnhild var nett då på Akershus festning for å søkje oppreist, og Ola flytte til Villand. Ikkje lenge etter kom det til nok ein unge, denne gongen med Kari Olsdotter Mehus. Ola laut for retten att. Retten slo fast at Ola no hadde fire lausungar i alt, med fire ulike jenter. Ola Mehus, far hennar Kari, vart forlikt med Ola før han gifta seg med Ragnhild. Ola laut bøte Kari «for hendes æres krænckelse og til deris sammen auflede barns opdragelse 30 Rixdaler, som schal svares dend halfue del i høst og resten til vinteren

Ola vart endeleg gift med Ragnhild 15. oktober 1716. Dei hadde alt sonen Tolleiv, som då var to år gamal. Ragnhild var på den tid om lag 23 år gamal. Ola var om lag 45 år.

Sønene til Ola og Ragnhild er dei fire eldste Villandskarane:

Etter at Ola var daud. gifte Ragnhild seg oppatt med Ola Larsson Fossgard, og fekk fire søner til med han.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Det gjekk lenge ei rik segnkrins om Blank-Ola. Han var så storlåten og vidgjeten at folk heldt fram å fortelja om han i lange tider etter at han var daud. På bygdetunet i Ål vart segna om nevaslaget attgjeve som spel, med førande dansarar frå Ål, i nyare tid.

Ola har elles ei rik etterslekt i Hallingdal, og i Ål vert det rekna som noko storveges å ætte frå han.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]