Blood Falls

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 77°43′S 162°16′E
Blood Falls
blodfall
Blood Falls 2474051 e40871ef30 o.jpg
Blood Falls frå Taylorbreen til den isdekte flata på Lake Bonney i Taylor Valley.
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 77°43′S 162°16′E
Administrert under Antarktistraktaten

Blood Falls
77°43′20″ S 162°16′24″ E
Blood Falls is located in Antarktis
Blood Falls (Antarktis)
Wikimedia Commons: Blood Falls
Blood Falls ved snuten til Taylorbreen i 2013.

Blood Falls er ei utstrøyming av jernoksidhaldig saltvatn ved tunga av Taylorbreen og ut på den isdekte overflata av West Lake Bonney i Taylor Valley i McMurdo Dry Valleys i Victoria Land i Aust-Antarktis.

Det jarnrike hypersalte vatnet strøymer sporadisk ut frå små sprekker i isen. Saltvatnet kjem frå eit basseng av ukjend storleik kring 400 meter under isen, fleire kilometer frå staden der vatnet strøymer ut i Blood Falls.

Det raudaktige vatnet vart funnen i 1911 av den australske geologen Griffith Taylor, som først utforska dalen som har fått namn etter han.[1] Dei antarktiske pionerane meinte først at raudfargen kom frå raudalgar, men seinare vart det vist at det kom frå jernoksid.

Geokjemi[endre | endre wikiteksten]

Dårleg oppløyst vasshaldig jernoksid vert avsett på overflata av isen etter jernion som finst i flytande saltvatn vert oksidert i kontakt med atmosfærisk oksygen. Dei meir oppløyselege jerniona vert først oppløyst i gammalt sjøvatn som er fanga i eldgamle lommer av vatn frå Sørishavet, då ein fjord vart isolert av isbre under miocen, for kring 5 million år sidan då havnivået var høgare enn i dag.

I motsetnad til dei fleste isbreane i Antarktis er ikkje Taylorbreen frosen ned til berggrunn, truleg på grunn av det salthaldige, eldgamle vatnet nedanfor. Det opphavlege sjøvatnet vart konsentrert til saltlake med ein salinitet som er to til tre gonger meir enn standard havvatn.[2]

Mikrobielle økosystem[endre | endre wikiteksten]

Eit skjematisk tverrsnitt av Blood Falls som syner korleis subglasiale mikrobielle samfunn har overlevd i i kulden og mørket, og fråveret av oksygen for millionar av år i saltlaken under Taylorbreen.

Kjemiske og mikrobielle analysar indikerer både at sjeldne subglasiale økosystem av autotrofe bakteriar utvikla seg til å forvandle sulfat og jernhaldige ion.[3][4] I følgje geomikrobiolog Jill Mikucki ved Dartmouth College inneheld vassprøvar frå Blood Falls minst 17 forskjellige mikrobar, og nesten ikkje noko oksygen.[3] Ei forklaring kan vere at mikrobane nyttar sulfat som katalysator til å respirere med jernhaldige ion og omvandle sporstoffa av organisk stoff som finst i dei. Ein slik omvandlingsprosess er aldri observert i naturen tidlegare.[3]

Ein gåtefull observasjon er at både Fe2+ og SO42–ion eksisterer samstundes under oksygenfattige forhold. Det finst ikkje sulfidanion (HS) i systemet. Dette indikerer ein innvikla og dårleg forstått vekselverknad mellom dei biokjemiske syklusane for svovel og jern.

Implikasjonar for snøballjord-hypotesen[endre | endre wikiteksten]

I følgje Mikucki et al. (2009) vart det subglasiale bassenget forsegla for 1,5 til 2 millionar år sidan og omgjort til ein slags «tidskapsel» og isolerte dei gamle mikrobane for så lang tid at dei utvikla seg uavhengig av andre liknande, marine organismar. Dette forklarar korleis andre mikroorganismar kan ha overlevd om jorda vart fullstendig isdekt, slik hypotesen om snøballjorda seier.

Eit isdekt hav kan berre ha vore refugium for mikrobielle økosystem då jorda kanskje var dekt av isbrear i tropane under proterozoikum for kring 650–750 millionar år sidan.

Implikasjonar for astrobiologi[endre | endre wikiteksten]

Forskarane har her funne mikrobar på ein så uvanleg stad under så ekstreme tilhøve utan å bore djupe hol i isen, slik at ein risikerer å forureine miljøet under isen.

Studiet av ekstreme miljø på jorda er nyttig for å forstå under kva forhold liv kan tilpasse seg. Ein kan då vurdere muligheita for liv andre stader i solsystemet, som på Mars eller Europa, ein isdekt måne kring Jupiter. Forskarar ved NASA Astrobiology Institute spekulerer i om desse klodane kan ha subglasialt flytande vatn der ein kan ha liv, verna frå ultrafiolett og kosmisk stråling som finst på overflata.[5][6][7]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ohio State University (5. november 2003). «Explanation offered for Antarktis's 'Blood Falls'». ScienceDaily (Nov. 5, 2003). Henta 25. januar 2014. 
  2. Horita, Juske (2009). «Isotopic evolution of saline lakes in low-latitude and polar regions». Aquatic Geokjemi 15 (1): 43–69. doi:10.1007/s10498-008-9050-3. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Grom, Jackie (16. april 2009). «Ancient ecosystem discovered beneath antarctic glacier». ScienceNOW Daily News. Henta 25. januar 2014. 
  4. Mikucki, Jill A.; Ann Pearson, David T. Johnston, Alexandra V. Turchyn, James Farquhar, Daniel P. Schrag, Ariel D. Anbar, John C. Priscu, Peter A. Lee (2009). «A contemporary microbially maintained subglacial ferrous «ocean"». Science 324 (5925): 397–400. Bibcode:2009Sci...324..397M. PMID 19372431. doi:10.1126/science.1167350. Henta 25. januar 2014.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)
  5. Dolci, Wendy; Linda Billings, Helen Matsos (25. januar 2014). «Library of Resources « NASA Astrobiologi Institute «» (astrobiologi.nasa.gov/nai). NASA Astrobiologi Institute (NAI). Henta 25. januar 2014.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)
  6. «Life – goal 1: Determine if life ever arose on Mars». Mars Exploration. 5. oktober 2005. Henta 11. januar 2013. 
  7. «The case av missing Mars water» (science.nasa.gov). Science@NASA. 5. januar 2001. Henta 25. januar 2014. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]