Blut und Boden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Walther Darré, landbruksminister i det nazistiske Tyskland, taler for landbruksorganisasjonen Reichsnährstand (RNS) i Goslar i desember 1937. Podiet er dekorert med slagordet Blut und Boden, riksørn og hakekross.
Foto: Deutsches Bundesarchiv

Blut und Boden (tysk for «blod og grunn» eller «ætt og jord») var ei ideologisk retning og eit politisk uttrykk som blei nytta som slagord i den tyske, nasjonalsosialistiske propagandaen før og under andre verdskrigen. I Blut und Boden-ideologien representerte «blod» opphav, ætt og slekt, arv, rase og folkegruppe, medan «jord» stod for jordsmonn, heimstad og landområde. Ifølgje dette synet danna «blod og jord» livsgrunnlaget for mennesket, saman med tradisjonelt jordbruk og bondeliv.

Tilhengarane av Blut und Boden-tankegangen hevda at «germanske» nasjonar og folkegrupper var rasemessig overlegne andre, og at dei derfor hadde rett til å fordriva dei mindreverdige gjennom repatriering, etnisk reinsking og utrydding. På denne måten kunne dei «sunne» folka overta territoria til andre og utvida sitt eige leveområde, på tysk kalla Lebensraum («livsrom»).

Førestillingane om «blod og jord» stamma frå den nasjonalistiske, tysk-folkelege völkisch-rørsla. Dei påverka både rase- og landbrukspolitikken i det nazistiske Tyskland, men var òg idégrunnlaget bak Anschluss med tyske folkegrupper utanfor Tyskland, såkalla folketyskarar, og utvidinga austover (Lebensraum im Osten).

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje Blut und Boden-teorien var den tyske bondestanden avgjerande viktig for det tyske folket. Bildet viser bønder i Innsbruck i Austerrike, såkalla folketyskarar, som helser dei tyske soldatane med hakekrodsflagg etter Anschluss, den tyske annektering av Austerrike i mars 1938. Bildeteksten fortel at bøndene frå Tyrol «er blant dei mest trufaste sønene av det tyske folket».
Foto: Deutsches Bundesarchiv

Tankane om Blut und Boden oppstod i rasistiske og nasjonalistiske miljø tidleg på 1900-talet, og blei ein viktig bestanddel av idégrunnlaget for nazismen. Omgrepet blei nytta for fyrste gong av den tyske forfattaren August Winnig (1878—1956), men i det nazistiske Tyskland blei det eit realpolitisk slagord med utgangspunkt i boka Neuadel aus Blut und Boden («Nyadel av blod og jord») frå 1930, skrive av landbrukspolitikaren og raseteoretikaren Walter Darré (1895–1953). Slagordet spelte òg på uttrykket Blut und Eisen («blod og jern»), som er henta frå eit berømt sitat av Otto von Bismarck, den fyrste tyske kanslaren: «Tidas store spørsmål blir ikkje avgjort med talar og majoritetsavgjerder, men med blod og jern.» Det kom ut ei rekke bøker som følgde dømet til Darré, ein nazistisk bondelitteratur som fortalde korleis industrien trekte tyskarane vekk frå heimbygda og til dei jødedominerte byane.

Ideane omkring «blod og jord» preget både rase- og jordbrukspolitikken var i Det tredje riket. Ideologien førte til antisemittisme, rasehygieniske tiltak og folkeforflyttingar, såvel som nye bondelover og jordforbetringsprogram. Den nasjonalsosialistiske Reichserbhofgesetz («riksarvloven») av 1933, som retta seg mot den tyske bondebefolkninga, uttrykte Blut und Boden-ideologien i målet sitt om å «bevara bondekulturen som blodkjelde for det tyske folket» (Das Bauerntum als Blutquelle des deutschen Volkes erhalten). Ifølgje Riksflaggloven frå 1935 skulle raudt, svart og kvitt vera riksfargar og det raude, kvita og svarte hakekrossflagget det nye nasjonalflagget i landet. Fargane raudt og svart symboliserte mellom anna nettopp «blod og jord».


Blut und Boden i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Den romantiske haldninga til sambandet mellom slekt og heimstad, og idealiseringa av bonden og jordbruket, prega òg fleire personar og rørsler i Noreg på same tid. Ein slik «bygdefascisme» kjem til uttrykk i mellom anna Knut Hamsun sin roman Markens grøde. I propagandaen til Nasjonal Samling blir gjerne «ætt og odel» brukt som stikkord for nokre av desse ideane, eit ordpar som òg er brukt meir nøytralt av andre.[1]

Også i den norske bonderørsla, til dømes representert ved Bondepartiet og avisa Nationen, var det i mellomkrigstida utbreidd skepsis til den moderne industrialismen og frykt for at framande krefter, særleg jødane, skulle øydelegga tradisjonelle nasjonale verdiar. Elles var det berre Dagbladet av norske aviser som ikkje tillét antisemittiske ytringar før og under krigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. To livssyn. Oslo. s. 16-23.